UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 2. studieår : JUS121

UNIVERSITETET I BERGEN
SKOLEEKSAMEN
2. STUDIEÅR - JUS121 - HØSTEN 2003

Oppgaven er tilgjengelig på nynorsk

Nynorsk

Oppgåve ”Irakisk Kurdistan”

Kurdarane er eit folkeslag på over tjue millionar menneske, som aldri har hatt sin eigen stat. Dei bur hovudsakleg i Tyrkia, Iran, Irak og Syria. Kartet viser dei områda som i dag er dominert av kurdarar.

Tenk deg følgjande framtidssituasjon:

Dei noverande okkupasjonsstyrkane i Irak (USA m fl) overlet sommaren 2004 makta i landet til ei mellombels irakisk regjering. Samtidig trappar okkupasjonsmaktene vesentleg ned på det militære nærværet i landet. I september 2004 gjer kurdarane i nord opprør mot sentralregjeringa, og erklærer dei tre nordlegaste provinsane av Irak som ein sjølvstendig stat, kalla Irakisk Kurdistan.

USA og Storbritannia flyttar store delar av sine attverande styrkar til grenseområda mellom Irakisk Kurdistan og resten av Irak, for å hindra borgarkrig. Etter intenst diplomati blir regjeringa i Irak og opprørsregjeringa i Irakisk Kurdistan samde om ein avtale. Dei godkjenner kvarandre som sjølvstendige statar, og avtalar samtidig å etablera ein økonomisk og monetær (pengemessig) union seg imellom.

Spenninga i regionen er likevel ikkje over. Både Tyrkia og Iran er redde for at opprøret skal spreia seg til dei kurdisk-dominerte delane av deira land, og flyttar store militære styrkar til grenseområda. Noreg forsøker å spela ei meklarrolle. Den norske utanriksministeren, som du er rådgivar for, skal ha eit møte med den tyrkiske kollegaen sin i neste veke. Tyrkia har signalisert at dei særleg ønskjer å drøfta følgjande problem:
• Kvar veke førekjem det spreidde skotvekslingar og granateksplosjonar i grensetraktene, så langt utan at menneskeliv har gått tapt.
• Opposisjonen i Tyrkia pressar på for at landet skal nytta sjølvforsvarsretten sin og okkupera ei ”tryggingssone” inne på tidlegare irakisk område.
• Det tyrkiske og arabiske mindretalet i Irakisk Kurdistan fryktar undertrykking frå dei sjølvoppnemnde styresmaktene der. Dei har etablert ei felles motstandsrørsle og bedt om militær og humanitær hjelp frå omverda.

Du blir bedt om å skriva eit notat der du tek opp følgjande:

Spørsmål 1: Drøft kva krav FN-pakta art. 2 (4), art. 2 (7) og art. 51 stiller til korleis Tyrkia kan møta dei skisserte problema. Legg til grunn at Irakisk Kurdistan er å rekna som ein sjølvstendig stat.

Spørsmål 2: Gjeld tilsvarande rettar og plikter for Irakisk Kurdistan, som førebels ikkje er medlem av FN?

I samtalane med den tyrkiske utanriksministeren kjem det fram følgjande:
• Statsministeren i Irakisk Kurdistan har i eit brev til Tyrkia hevda at den nye staten ikkje er bunden av den gamle grenseavtalen mellom Tyrkia og Irak.
• Forsvarsministeren i Irakisk Kurdistan har i ein tale for eit par dagar sidan sagt at dei ”kurdirakiske” militærstyrkane i løpet av kort tid vil kunna ”frigjera nye kurdiske område frå framand herredøme”.
Tyrkia vurderer å senda ein appell til Sikkerhetsrådet i FN om å gripa inn i konflikten før det er for seint. Sidan Noreg nyleg har hatt medlemsskap i rådet, blir den norske utanriksministeren spurt kva han trur Sikkerhetsrådet kan gjera med problema. Som rådgivar får du følgjande oppgåve:

Spørsmål 3: Drøft om Sikkerhetsrådet med heimel i FN-pakta kapittel VII kan:
a) Påleggja alle verdas statar å lata vera å selja våpen til Irakisk Kurdistan.
b) Vedta at det skal gjelda eit totalforbod mot militær aktivitet i ei sone på 10 km inn på kvar side av grensa mellom Tyrkia og Irakisk Kurdistan.

På flyet heim frå Ankara får den norske utanriksministeren vita at Ministarrådet i EU har gjort eit prinsippvedtak om å forby all våpeneksport til Irakisk Kurdistan. I tillegg vil EU påleggja personar og føretak innan EU som sel våpen, å innhenta garanti frå alle kjøparar om at våpna ikkje vil bli vidareselde til Irakisk Kurdistan. Det er enno ikkje klart om reguleringa vil skje i form av ei forordning eller eit direktiv. Utanriksministeren reknar med at det også i Noreg kan bli spørsmål om å innføra slike reglar. Han ønskjer å vera godt førebudd, og gir deg følgjande oppgåver:

Spørsmål 4: Gjer kort greie for skilnadene mellom ei EF-forordning og eit EF-direktiv.

Spørsmål 5: Eventuell gjennomføring i norsk rett av ei EF-forordning må skje ved inkorporasjon, jf EØS-avtalen art. 7 bokstav a), medan eit EF-direktiv også kan gjennomførast ved (aktiv eller passiv) transformasjon. Gjer greie for hovudskilnadene mellom desse måtane å gjennomføra folkerettslege plikter på i norsk rett.

Innanfor tidsramma (4 timar) er det ikkje mogeleg å gi eit uttømmande svar på dei fem spørsmåla. Konsentrer drøftinga omkring det mest sentrale, og det som undervisinga på kurset har gitt deg føresetnader for å seia noko om.

Til toppen