UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 2. studieår : JUS122

UNIVERSITETET I BERGEN
SKOLEEKSAMEN
2. STUDIEÅR - JUS122 - HAUSTEN 2003

Oppgaven er tilgjengelig på nynorsk

Nynorsk

Preben Bø budde i andre etasje i eit to etasjar høgt hus som tre år tidlegare var totalrenovert og seksjonert til fire sjølveigarleilegheiter av høg standard. Det var godt bumiljø i huset, og det var ikkje uvanleg at bebuarane hjelpte kvarandre med praktiske gjeremål, slik som oppussing og liknande.

Preben var jurist og hadde gjort mange små juridiske tenester for Arnold Larsen, som budde i den andre leilegheita i andre etasje. Larsen arbeidde som røyrleggjar. Då Bø skulle pussa opp baderommet sitt, bad han Larsen om å hjelpa seg, noko Larsen aksepterte. Under oppussinga ønskte Bø å flytta ein del av den eine badeveggen slik at han fekk plass til eit stort og fint baderomsmøbel. Den enklaste måten å få dette til på var å skjera ut ca. to meter av veggen mot soverommet med ei spesialsag. Denne delen av veggen kunne så flyttast 50 cm inn i soverommet, slik at baderommet blei tilsvarande større.

Bø hadde fleire gongar drøfta denne operasjonen med Larsen, og den sistnemnde hadde gjentekne gongar forsikra han om at det heile ikkje var noko problem. Larsen hadde gjort noko tilsvarande på sitt eige bad, og visste nøyaktig kor og korleis han skulle skjera. For skjeringa skulle Larsen bruka si elektriske spesialsag som han lånte av arbeidsgjevaren sin. Dei to hadde avtalt at Larsen skulle hjelpe Bø ein fredag kl. 18.00, kor etter Bø skulle by på god mat og drikke.

Larsen møtte som avtalt og gjorde seg klar til arbeidet. Det var fast praksis på arbeidsplassen hans at det fyrste ein gjorde når ein skulle utføra eit ”badeoppdrag”, var personleg å skru igjen hovudkranen. Sidan Larsen var oppteken med å førebu skjeringa i veggen, bad han imidlertid Bø om å skru igjen hovudkranen, som befant seg i kjellaren under leilegheitene i fyrste etasje. Han forklarte også at Bø deretter måtte skru opp ein vasskran i kjellaren og la den renne i ca. 2 minuttar. (Dette ville tømma alle røyra i huset for vatn, også røyra på Bø sitt baderom.)

Medan Bø gjekk for å ta seg av kranen, arbeidde Larsen med å måla opp og merka av på veggen korleis han skulle saga. Han skrudde ut sikringane slik at det ikkje var straum på sjølve badet, men brukte ein skøyteledning frå eit anna rom til spesialsaga, samt ein arbeidslampe.

Då Bø var på veg til kjellaren, ringte det på døra utanfor den felles entréen i fyrste etasje. Bø opna døra, og blei med ein gong engsteleg då han såg at det var Monica Bø, hans fråseparerte kone. Dei to hadde hatt eit opprivande samlivsbrot, og samarbeidet deira om omsorg for og samvær med deira felles barn hadde vore dårleg. Monica påstod med rette at dei to hadde avtale om at Bø skulle henta deira felles barn for samvær den same helga, og at han allereie var for seint ute. Bø prøvde å forklara at han var opptatt med å hjelpa røyrleggjaren, og at han akkurat var i ferd med å skru igjen hovudkranen. Monica ville imidlertid ikkje høyra på det øyret, og byrja i staden å skjella ut sin fråseparerte mann. Bø måtte berre komma med ein gong. Hans bidrag til arbeidet kunne ikkje vera så viktig. Bø blei nokså oppbrakt og sint over utskjellinga og det blei til at han drog av garde i full fart for å hente barnet. Han gløymde heilt at han skulle skru igjen hovudkranen. Før han drog, stakk han hovudet inn til røyrleggjaren og forklarte situasjonen. Larsen, som sjølv var skilt, hadde forståing for situasjonen, og sa at han nok skulle klara skjeringa åleine.

Bø forlét Larsen like før han skulle gå i gong med skjeringa, og lovte å vera attende innan ein time. Larsen sette i gong med saginga i veggen. Eit øyeblikk streifa den tanken han at han burde ha forsikra seg om at Bø hadde stengt kranen, men han slo det frå seg. Bø var etter hans oppfatning ein ”stødig kar” og han kunne vanskeleg tenkja seg at han hadde gløymt å utføra oppdraget sitt. No hadde dessutan Larsen funne ein god stilling og var fullt konsentrert om å skjera ”fint” og dessutan var han heilt sikker på at han ikkje kom til å skjera inn i vassrøyret. Etter hans berekningar skulle vassrøyret befinne seg i veggen på motsatt side av rommet. Dette visste han frå si eiga baderoms-oppussing, og han var så sikker på dette at han ikkje hadde innhenta teikningar av leilegheitene, noko som gjennom skriftleg førespurnad kunne skaffast frå eigedomsselskapet som hadde seksjonert og seld leiligheitene. Dessutan hadde han diskutert operasjonen med ein annan røynd røyrleggjar som budde i etasjen under han. Også han hadde stadfesta kor vassrøyret låg.

På dette punktet svikta imidlertid Larsen sine berekningar. Han oversåg at badet i Bøs leilegheit hadde ein spegelvendt konstruksjon samanlikna med hans eige. Dette førte til at han sagde nettopp på den staden der vassleidninga var. Sidan hovudkranen ikkje var stengt, var det fullt trykk på vatnet, og vasspruten stod mot Larsen. Vatnet leia straumen frå den elektriske saga til Larsen sin kropp, slik at han fekk elektrisk støyt. Av denne grunn fall han slik at han slo hovudet mot klosettskåla og svima av. Det blei kortslutning i det elektriske anlegget, men vasstraumen stod uhindra ut frå røyret i veggen. Vatnet rann utover golvet i Bø si leilegheit og trengte etter kvart ned i leilegheita i etasjen under, der ingen var heime.

Omlag ein time seinare vakna Larsen noko omtåka. Han forstod imidlertid raskt kva som hadde skjedd, kom seg ned i kjellaren, og fekk stengd hovudkranen. Dette var imidlertid for seint til å hindra at det oppstod store vasskadar også på leilegheita under, som for øvrig viste seg å vera uforsikra. Leilegheita var eigd av Jonas Klepp, ein forretningsmann som ofte var på reise og kun brukte leilegheita nokre dagar kvar månad. Då skaden skjedde, var Klepp i ferd med å selgja leilegheita, men salet måtte no forskyvast, sidan det var umogleg å gjennomføra vising i leilegheita sin noverande stand.

Då reparasjonane to månader seinare var ferdige, kravde Jonas Klepp av både Larsen og Bø kr. 150.000 i skadebot. Denne summen tilsvara nøyaktig reparasjonsutgiftene for vasskadane på Klepp si leilegheit. Larsen og Bø meinte at dei ikkje kunne gjerast ansvarlege for skaden.

I tillegg meinte dei at det uansett måtte gjerast frådrag i skadebota med kr. 100.000 basert på fylgjande reknestykkje: Jonas Klepp var i ferd med å selgja leilegheita då skaden inntraff, og det var fleire moglege kjøparar som hadde meldt si interesse. Leilegheita var taksert til kr. 1. mill før skaden, og dette var prisantydinga for salet. Jonas Klepp hadde dagen før vasskaden forkasta eit bud stort kr. 990.000. Innan skaden var utbetra, hadde det skjedd ein prisauke i eigedomsmarknaden i byen på 10 %. Leilegheita var no taksert til 1,1 million, og dette var ny prisantyding. Det var fleire kjøparar som hadde meldt at dei no ville komma med eit bud. Bø og Larsen meinte at prisstiginga på leilegheita eventuelt måtte gå til frådrag i skadebotsummen.

Jonas Klepp hadde i forkant av vasskaden avtalt med sin bror, Holger Klepp, at sistnemnde skulle få bu i Klepp si leilegheit ei veke, medan han ferierte i byen. Holger kom til byen same kveld som vasskadane inntraff, og var derfor tvungen til å ta inn på hotell. Han valde eit av dei dyraste hotella, og utgiftene kom på kr. 18.000 for ti dagar (kr. 1800 per døgn). Mange andre hotell i byen opererte med prisar på kr. 800 per døgn, men Holger argumenterte med at det berre var eit dyrt hotell som matcha den høge standarden til broren si leilegheit. Det var berre det dyre hotellet som ville gi han ”full skadebot”.

Preben Bø ønskte å krevje skadebot for vasskadane på eiga leilegheit. Utbetringskostnadene kom på kr. 150.000. Larsen sa imidlertid at det ikkje kom på tale å betale noko skadebot til Bø, så lenge det var Bø sjølv som hadde gløymt å stengje hovudkranen.

Larsen følte seg no nokså pressa. Han oppsøkte sin gamle ven, advokat Johnsen, og bad han ta saken. Johnsen ville gjerne hjelpa venen sin, men han mangla spisskompetanse i skadebotrett. Han bestilte derfor frå advokatfirmaet Hall ei utgreiing han kunne bruka i forhandlingane ,ed Bø og brødrene Klepp. Han bad om at det objektivt blei teke stilling til korleis saka stod, både med omsyn til ansvarsgrunnlag, årsakssamanheng, og eventuelt storleiken på dei erstatningsmessige tapa.

I eit brev til advokatfirmaet Hall skreiv Johnsen:

”Eg ønskjer i fyrste rekkje å få ei drøfting av fylgjande spørsmål:
1. Har Preben Bø eit skadebotkrav mot Arnold Larsen?
2. Har Jonas Klepp eit skadebotkrav mot Arnold Larsen? Skal det eventuelt gjerast frådrag for prisstiginga på leilegheita?
3. Har Holger Klepp eit skadebotkrav mot Arnold Larsen?
4. Har Jonas Klepp og/eller Holger Klepp eit skadebotkrav mot Preben Bø?”

I den grad skadelidte sin medverknad eller lemping var aktuelt, ville Johnsen helst at det skulle setjast ein konkret sum som tilsvara den sannsynlege endelege skadebotsummen. Johnsen ville gjerne ha ”fullt oversyn”, som han sa, og han ville derfor at utgreiinga skulle innehalde subsidiære drøftingar hvis det var naudsynt for å få belyst saka sine rettslege sider og moglege utfall. Han ville også ha ei kort utgreiing av eventuelle spørsmål om solidaransvar og regress.

Du er advokat i advokatfirmaet Hall og får i oppdrag å skrive utgreiinga basert på det faktum som er skissert ovanfor.

Til toppen