UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 3. studieår : JUS135

 

Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet

Obligatorisk kursoppgave

3. studieår - JUS135 - 2006/2007

 

Oppgaven er tilgjengelig på nynorsk

 

Oppgåve 1. Teori:

  1. Gjer kort greie for kva verknad det har at ein har gitt avkall på rettar etter EMK.

  2. Gjer kort greie for lov 21. mai 1999 nr. 30 (menneskerettslova) § 3.

Begge spørsmåla skal svarast på.

 

Oppgåve 2. Praktikum:

 

Peder Ås hadde i mange år sett seg lei på det han meinte var ei gradvis verdsleggjering og moralsk korrumpering av det norske samfunnet. I 1990 konverterte han til islam fordi han meinte dette var den einaste religionen som respekterte grunnleggjande verdiar. Peder var ein ivrig deltakar i det islamske miljøet i Storevik og han fekk mange vener der. Etter ei pilgrimsreise til Mekka i 2002 vart Peder overtydd om at den einaste måten å organisere samfunnet på var etter eit religiøst mønster. Med mål om å motarbeide verdsleggjeringa av samfunnet stifta Peder i 2004 partiet Islamsk Folkeparti. I føremålsparagrafen til partiet heitte det at ”Islamsk Folkeparti vil arbeide for å gjenreise det norske samfunnet på eit religiøst fundament med Islam som statsreligion.” Vidare heitte det i vedtektene at ”Islamsk Folkeparti står for full religionsfridom for alle, men at islamske normer skal være rettleiande for styresmaktene og i det offentlege rom.” Ytterlegare bestemte partiprogrammet at partiet ”er i mot abort i eit kvart tilfelle” og at ”partiet vil arbeide for eit forbod mot homofile i offentlege stillingar.”

 

Det nye partiet fekk umiddelbart merksemd i media og vekte sterke reaksjonar på den klare religiøse profilen. Likevel fekk Islamsk Folkeparti raskt oppslutnad rundt sine kjernesaker som Peder Ås definerte som ”verdiar, bistand til fattige, ruspolitikk og eldreomsorg.” Ved kommunevalet i 2007 fekk partiet 6 representantar i bystyret i Storevik og 1 representant i kommunestyret i Lillevik. Suksessen gav Peder Ås auka tru på sitt prosjekt, og han uttalte at Islamsk Folkeparti ville stille lister i alle fylker til stortingsvalet i 2009.

 

Som følgje av den auka oppslutnaden opplevde Peder at partiet vart radikalisert. Mange av dei nye medlemma ville føre ein langt meir aggressiv politikk enn Peder. Føremålsparagrafen om religionsfridom vart ståande, men på landsmøtet i 2007 vart partiprogrammet endra slik at partiet no ville arbeide for ”å omforme det norske samfunnet til eit tvers gjennom islamsk samfunn basert på Koranen.” Vidare ville partiet ha forbod mot sal og bruk av ”umoralske klesplagg for kvinner.” Peder var usamd i den nye partiprofilen, men aksepterte landsmøtet si vilje.

 

I 2008 byrja partiet sin valkamp til stortingsvalet. Også no vart det usemje på landsmøtet om partiet sin profil. Peder Ås ville at partiet skulle ta sikte på langsiktige haldningsendringar i samfunnet gjennom å fokusere på kjerneverdiar som bistand til fattige og respekt for og hjelp til eldre. Fleirtalet på landsmøtet, oppmuntra av meiningsmålingar som gav partiet 6% oppslutnad på landsbasis, vedtok derimot eit langt meir radikalt valkampprogram. Det vart bestemt at partiet skulle arbeide for å innføre ei ny grunnlov som var bygd på ”islamske religiøse prinsipp.” Marte Kirkerud, som var den profilerte nestleiaren i partiet, uttalte til pressa på veg ut i frå landsmøtet at ho ville jobbe for innføringa av Sharia-lover som gjeldande for muslimar i Noreg. 

 

Peder vart sterkt skuffa og vonbroten over landsmøtet sitt vedtak. Han meldte seg ut av partiet og stifta eit nytt parti, Islamsk Samlingsparti, som la til grunn i sine vedtekter dei same prinsippa som Islamsk Folkeparti hadde hatt i 2004. Peder uttalte til media at han tok avstand frå innføring av sharia-lovgjeving i Noreg, men at han ville arbeide for innføringa av islamske verdiar i den norske staten.

 

Valkampprogrammet til Islamsk Folkeparti fekk mykje merksemd i media og førte til ein omfattande samfunnsdebatt. Særleg kontroversielle vart utsegnene til kommunestyrerepresentanten i Lillevik, Mullah Borat, som på torget i Lillevik oppmoda til ”heilag krig i Partiet sitt namn.” I ein oppheta debatt i kommunestyret like etter sa han at ”Islamsk Folkeparti skal gjennomføre sin politikk for innføringa av ein islamsk teokratisk (prestestyrt) stat i Noreg, om så blodet må flyte i gatene!” Den nye leiaren i Islamsk Folkeparti, Marte Kirkerud, tok umiddelbart avstand frå Mullah Borat sine referansar til valdsbruk, men uttalte at partiet på prinsipielt grunnlag støtta det teoretiske konseptet om heilag krig. I eit seinare intervju sa Kirkerud at Mullah Borat ikkje var representativ for partiet si line og at ingen sentrale partimedlem hadde nokon sinne tatt til orde for valdsbruk.

 

Introduksjonen av trugslar om valdsbruk førte til at debatten tilspissa seg. Det kom fram at også andre medlemmar i lokallaget til Islamsk Folkeparti i Lillevik hadde uttalt at dei ønskte å innføre eit islamsk teokratisk styre. Frå media og andre hald vart det stilt krav om at ”dei islamske partia” vart forbodne. Eit pressa Storting vedtok kort tid etter samrøystes ”lov om regulering av politiske parti.” Denne lova gav regjeringa kompetanse til å forby politiske parti som ”har som føremål eller på andre måtar søkjer å øydeleggje, undergrave eller endre dei grunnleggjande demokratiske, politiske og moralske verdiane som Kongeriket Noreg byggjer på.” Lova trådde i kraft straks. Dagen etterpå vedtok regjeringa å forby Islamsk Folkeparti og Islamsk Samlingsparti. I førearbeida til lova vart den grunngitt med at Stortinget frykta at dei to partia ville ”undergrave styresettet gjennom religiøst motivert vald.”

 

Islamsk Folkeparti og Islamsk Samlingsparti gjekk begge til sak mot staten. Dei hevda at forbodet var i strid med EMK fordi heimelslova ikkje oppfylte ”grunnleggjande krav.” Dei hevda dessutan at eit slikt forbod var i strid med Grunnlova og EMK. Staten avviste at Grunnlova regulerte spørsmålet. Staten meinte vidare at eit forbod var i samsvar med EMK fordi det var naudsynt av omsyn til staten sin tryggleik og for å hindre valdsbruk. Vidare viste staten til at det konkrete forbodet var i samsvar med lov. I alle høve meinte staten at spørsmålet fall utanfor domstolane sin prøvingskompetanse fordi staten måtte ha ein svært vid skjønnsmargin i slike spørsmål då denne var best eigna til å vurdere omsynet til staten og samfunnet sin tryggleik.

 

Drøft og ta stilling til dei rettsspørsmåla oppgåvene reiser.

 

Begge oppgåvene skal svarast på. Som rettleiande norm vil oppgåve 1 (teori)  telje 1/3 og oppgåve 2 (praktikum) telje 2/3  i vurderinga av oppgåvesvara.

 

Til toppen