UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 3. studieår : JUS135

 

Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet

Sensorrettleiing obligatorisk kursoppgåve

3. studieår - JUS135 - 2005/2006

 

1. Generelt

Det går klart fram av oppgåveteksten at kandidatane skal svare på begge oppgåver innanfor teoridelen og praktikumsdelen. Arbeidsfordelinga er normert i oppgåveteksten til ei lik fordeling mellom teori og praktikum. Oppgåva er ikkje spesielt omfattande i høve til oppgåver frå tidlegare år i dette kurset.

 

Sensorane bør ikkje oppfatte denne sensorrettleiinga som ei tvangstrøye, og det må etter sensorane sitt skjønn være rom for å honorere dei oppgåvene som avvikar noko frå dette løysingsforslaget.

 

Sensuren skal kombinerast med utfyllande kommentarar til kvar einskild oppgåve. Desse skal være til hjelp for kandidatane, og bør difor være meir utfyllande enn interne kommentar ved skuleeksamen. Ein bør om mogleg kommentere både det materielle, metodiske og generell framstillingsevne. Til slutt bør ein gi kandidaten ein peikepinn på nivået på oppgåvesvaret, ikkje med karakter, men med å vise til om oppgåvesvaret ligg i øvre, midtre eller nedre sjikt.

 

2. Oppgåve 1 (Teori)

Oppgåva rettar seg mot eit sentralt statsrettsleg spørsmål, nemleg mot kompetansefordelinga mellom lovgjevar/stat og domstol i det vanskelege spenningsfeltet mellom individvern og inngrep i individet sine konstitusjonelle og konvensjonsbaserte rettar.

 

Emnet er dekt i pensum i Jørgen Aall, Rettsstat og menneskerettigheter, generelt på s. 76-98, og særleg frå s. 90-97. Problemstillinga vert også reist implisitt i andre delar av boka, og emnet ligg tett opp til inngrepsvilkåra etter EMK art 8-11, omtalt i læreboka på s. 129-133 og på storgruppene.

 

Innleiingsvis må ein forvente at kandidatane kort forankrar domstolane sin kompetanse til å prøve lover og forvaltningsvedtak i det rettslege landskapet. Denne kompetansen blir rekna som konstitusjonell sedvanerett og har òg kome til uttrykk i plenumslova av 25. juni 1926 nr. 2 § 2. Dette følgjer i læreboka s. 77-78, og ein må forvente at kandidatane til ei viss grad kan byggje på kunnskap frå tidlegare i studiet, i dette tilfellet frå Norske og internasjonale rettslege institusjonar, jus121.

 

I høve til spørsmål a) gir læreboka ei grei oversikt over dei sentrale poenga med utgangspunkt i den kjende tredelinga av prøvingsintensiteten i Rt. 1976.1. Ein kan forvente at alle kandidatane ser dette, men lista bør settast noko høgare enn som så. Ein bør òg seie noko om kvifor høgsterett reknar seg meir kompetent til å prøve inngrep mot den personlege integritet i høve til økonomiske rettar og forholdet mellom statsmaktene. Her møter ein spenningsfeltet mellom individvern og staten sitt styringsbehov, og det overordna spørsmålet om domstolane sin funksjon i staten. Kandidatar som klarer å seie noko fornuftig om dette bør få utteljing for det. I høve til spørsmål a) bør kandidatane bruke rettspraksis aktivt i framstillinga. Særleg gjeld dette Rt. 1976.1 Kløftadommen, men òg andre dommar er illustrerande på dette området, frå nyare rettspraksis Rt. 1997.1821 Kjuusdommen og Rt. 2004.1737 Tv-vestdommen. Dei to fyrste er nemnt i læreboka og bør være kjende for alle juristar. Dommen frå 2004 gir ei god oversikt over rettstilstanden både i høve til Grunnlova og EMK. Kandidatar som klarer å få noko fornuftig ut av rettspraksis bør få utteljing for dette. Rettskjeldebruken bør her kunne skilje mellom dei gode og dei svakare oppgåvesvara.

 

Når det gjeld spørsmål b) er dette ikkje handsama i like stort omfang i læreboka sitt allmenne kapittel (s. 95), men derimot under handsaminga av dei respektive konvensjonsrettane. Denne delen av oppgåva legg opp til at kandidatane sjølve må gjere greie for og presisere statane sin skjønnsmargin i høve til om inngrep i konvensjonsrettane er nødvendig eller ikkje. Emnet har vore drøfta på storgruppene, men det må likevel reknast som relativt krevjande å plassere læra om skjønnsmarginen inn i både ein større og i ein konkret samanheng. Den innsiktsfulle kandidaten vil her trekke linene til differensieringa i prøvingsintensiteten i konstitusjonelle spørsmål (handsama i spørsmål a).

 

Innleiingsvis bør det nemnast at EMD presiserer at det er den nasjonale gjennomføringa som er den prinsipale. I denne samanhengen kan det nemnast at skjønnsmarginen også kjem nasjonale domstolar til gode ved handsaminga av EMK, sjå t.d. Rt. 1998.1795.

Skjønnsmarginen hentar delar av sitt grunnlag i nettopp den nasjonale gjennomføringa. Skjønnsmarginen er nært knytt til føremålet med inngrepet, og tanken er at nasjonale domstolar på visse områder er betre eigna til å avgjere om inngrepet er nødvendig eller ikkje enn ein internasjonal domstol. Dette gjeld typisk når føremålet med inngrepet er bygd på særskilt nasjonale omsyn. I prejudikatet for skjønnsmarginen, Handyside mot Storbritannia, seier domstolen i høve til art. 10(2):

”In particular, it is not possible to find in the domestic law of the various Contracting States a uniform European conception of morals. The view taken by their respective laws of the requirements of morals varies from time to time and from place to place, especially in our era which is characterised by a rapid and far-reaching evolution of opinions on the subject.  By reason of their direct and continuous contact with the vital forces of their countries, State authorities are in principle in a better position than the international judge to give an opinion on the exact content of these requirements as well as on the "necessity" of a "restriction" or "penalty" intended to meet them.” [Avsnitt 48]

Om ein skal samanlikne dette med den konstitusjonelle prøvingsretten så vil nasjonale domstolar avhalde seg frå å prøve kompetanseforholdet mellom statsmakter nettopp fordi dei ikkje reknar seg godt skikka til dette.

 

Dette er likevel berre den eine sida av skjønnsmarginen. Den andre sida rettar seg mot prøvingsintensiteten i høve til saksområdet, omfanget og verknaden av inngrepet. Her vil prøvingsintensiteten gjerne være større ved inngrep i den personlege integritet enn i høve til t.d. eigedomsretten i TP1 art. 1. Dette kjem til uttrykk i Dudgeon mot Storbritannia, avsnitt 52:

”However, not only the nature of the aim of the restriction but also the nature of the activities involved will affect the scope of the margin of appreciation.  The present case concerns a most intimate aspect of private life.  Accordingly, there must exist particularly serious reasons before interferences on the part of the public authorities can be legitimate for the purposes of paragraph 2 of Article 8 (art. 8-2).”

Og i Chapman mot Storbritannia, avsnitt 91:

”This margin will vary according to the nature of the Convention right in issue, its importance for the individual and the nature of the activities restricted, as well as the nature of the aim pursued by the restrictions […]”

Ser ein på rettspraksis er det ein nær samanheng mellom skjønnsmarginen og vurderinga av om inngrepet er nødvendig og forholdsmessig. Dette går òg fram av ordlyden i dei respektive konvensjonsføresegnene. Her ser ein at vilkåra for inngrepet blir skjerpa etter saksområdet:

 

 

Det er difor positivt at kandidatane skriv noko generelt om inngrep i konvensjonsrettar så lenge dette ikkje tar overhand. Den avanserte kandidaten ser likevel at EMD har tolka inn eit generelt porposjonalitetskrav i EMK og at domstolen ikkje gir nasjonale styresmakter fritt spelerom der ordlyden kan gi uttrykk for dette, sjå Aall s. 130-131. Dette spørsmålet, så vel som oppgåva elles, må reknast som vanskeleg. Sensorane bør difor ta høgde for at oppgåvesvara kan være noko sprikande og drøftar inngrep i konvensjonsrettar meir generelt. Ein bør ikkje slå hardt ned på slike drøftingar, men heller gi utfyllande kommentarar til hjelp for kandidaten.

 

Det sentrale i oppgåva er å få fram samspelet og rolle/kompetansefordelinga mellom EMD og konvensjonsstaten. Ein bør gi utteljing til dei som klarer å framstille dette på ein klar og oversiktleg måte, både generelt og i høve til eit konkret inngrep i ein konvensjonsrett. Forstandig bruk av døme og rettspraksis må også trekke opp.

 

 

3. Oppgåve 2 (Praktikum)

 

Del I

Rettsspørsmålet i denne oppgåva er inspirert av Mastromatteo mot Italia (37703/97) frå 2002. Faktum i saka stemmer ikkje heilt overeins med vårt faktum, men også i Mastromatteo hadde innsette ute på prøve gjort seg skuldig i drap under eit ran. Med heimel i EMK art. 2 jf. art. 1 slo EMD fast at staten var forplikta til å ”take appropriate steps to safeguard the lives of those within its jurisdiction”, [avsnitt 67]. Kandidatane skal være kjende med at staten også har ei positiv sikringsplikt i høve til konvensjonsrettane. Ein bør her være merksam på korleis kandidatane går fram ved løysinga av dette spørsmålet. Ein bør her vise til både art. 1 og til EMD-praksis som rettsleg grunnlag for denne plikta, men det er ikkje grunn til å bruke mykje plass på dette. I Mastromatteo presiserte EMD at denne sikringsplikta i høve til art. 2 går lenger enn berre tradisjonelle metodar for å avverje og hindre kriminalitet, den kan òg ”imply in certain well-defined circumstances a positive obligation on the authorities to take preventive operational measures to protect an individual whose life is at risk from the criminal acts of another individual.” [Avsnitt 67] Når det gjeld innhaldet i staten si positive plikt viser domstolen til den tradisjonelle læra i nyare praksis ved EMD, m.a. i Osman mot Storbritannia og E m.fl. mot Storbritannia, som ein må gå ut i frå at kandidatane har kjennskap til. EMD legg i sin praksis opp til ei to-trinnsvurdering formulert slik i Mastromatteo:

“[I]t must be shown that the death of A. Mastromatteo resulted from a failure on the part of the national authorities to “do all that could reasonably be expected of them to avoid a real and immediate risk to life of which they had or ought to have had knowledge” (Osman, cited above, para. 116), the relevant risk in the present case being a risk to life for members of the public at large rather than for one or more identified individuals.” [Avsnitt 74]

Følgjeleg vil kandidatane måtte ta stilling til om styresmaktene hadde kunnskap eller burde ha kunnskap om risikoen for at Peder og Ronny ville gjere nye og alvorlege kriminelle handlingar. Vårt faktum så vel som Mastromatteo skil seg frå dei tilsvarande dommane i EMD ved at det ikkje er snakk om å påvise manglande vern av eit einskildindivid, ”what is at issue is the obligation to afford general protection to society against the potential acts of one or of several persons serving a prison sentence for a violent crime and the determination of the scope of that protection.” [Avsnitt 69]

 

Det neste spørsmålet er om staten, på bakgrunn av den kunnskapen som var tilgjengeleg, har gjort nok for å hindre konvensjonsstridige handlingar frå private. Her bør ein merke seg at omfanget av staten si positive sikringsplikt må relaterast til det aktuelle saksområdet og omfanget, kompleksiteten og ressursgrunnlaget for dette. Med EMD sine ord i Mastromatteo (sitert frå Osman):

”Such an obligation must be interpreted in a way which does not impose an impossible or disproportionate burden on the authorities, bearing in mind the difficulties involved in policing modern societies, the unpredictability of human conduct and the operational choices which must be made in terms of priorities and resources […].” [Avsnitt 68]

I denne saka er det grunn til å framheve vanskane styresmaktene står overfor når det gjeld dei motstridande omsyna til rehabilitering av kriminelle og plikta til å verne samfunnet mot kriminalitet. Ein bør kunne forvente at iallfall dei betre kandidatane ser dette og vurderer staten sine handlingar i lys av denne overordna vurderingsnorma. Om kandidatane overser dette momentet vil subsumsjonen fort bli hengande i lufta og faren for at den blir ubalansert i statens disfavør aukar. Testen i denne oppgåva er i stor grad å formulere det rettslege grunnlaget på ein fornuftig og ryddig måte, og unngå meir lausrivne synsingar av kva som staten rimeleg burde ha gjort. Varsellampene bør lyse om kandidatane ikkje klarer å knytte subsumsjonen opp i mot dei nokså klare føringane som jussen her legg på den konkrete vurderinga.

 

Oppgåva legg opp til at kandidatane skal vurdere to sider av staten sin opptreden i denne saka. For det fyrste må ein ta stilling til om rehabiliteringssystemet i seg sjølv representerer ein risiko for krenking av art. 2 av personar under soning. Av faktum går det fram at staten har handla i samsvar med reglane i straffgjennomføringslova av 18. mai 2001 nr. 21. Oppgåva legg ikkje opp til at kandidatane skal gå nærare inn på føresegnene i denne lova. Det er ingen grunn til å stille spørsmål ved sjølve systemet all den tid dei konkrete tiltaka er gjort på bakgrunn av faglege vurderingar og rehabiliteringsomsynet er framtredande i norsk strafferettspleie.

 

Derimot er det større grunn til å stille spørsmål ved den konkrete gjennomføringa av soninga i dette tilfellet. Her har kandidatane ei rekkje moment i faktum som vil være relevante i vurderinga. Når det gjeld spørsmålet om staten hadde eller burde ha kunnskap om ein eventuell risiko for drap kan ein vise til at både Peder og Ronny er dømde for ran med døden til følgje og at begge er rekna for å være sentrale i eit hardt ransmiljø. Når det gjeld Peder seier rullebladet sitt og høgsterett sin karakteristikk burde gi staten tilstrekkelege haldepunkt for å fastslå at risikoen for nye grove straffbare handlingar var reell. I Mastromatteo mot Italia la EMD avgjerande vekt på at italienske styresmakter ikkje hadde oppmoding til å tru at dei innsette skulle gjere alvorlege kriminelle handlingar medan dei var på permisjon. I vår sak er dette noko meir tvilsamt for Peder sitt tilfelle i lys av den valdelege og aggressive åtferda han har vist i fengselet. Når det gjeld Ronny må risikoen seiast å være noko meir usikker. Sjølv om han er tidlegare dømd for aktlaust drap, så er dette ikkje knytt til valdskriminalitet. I tillegg har Ronny vist god framgang i rehabiliteringa, noko som talar for at den konkrete risikoen er nokså fjern. Det vesentlege er at kandidatane får til ei fornuftig drøfting i høve til både Peder og Ronny i lys av den norma som følgjer av praksis. Dette spørsmålet kan handsamast relativt kortfatta.

 

Når det gjeld vurderinga av staten sine handlingar for å hindre tap av liv er det i faktum ei rekkje moment som kandidatane bør ta stilling til. Nokre kandidatar vil kanskje stille spørsmål ved vedtaket om å gi Peder permisjon, særleg i lys av den fluktrisikoen han faktisk representerte. Her møter ein den vanskelege avveginga mellom rehabilitering og vern av samfunnet mot kriminelle. Den gode kandidaten vil her peike på den nemnte overordna norma som staten må vurderast opp i mot. Etter mitt skjønn bør ein her godta den faglege vurderinga som er gjort, og heller rette søkelyset på dei tiltaka som er gjort for å hindre at Peder bryt permisjonsvilkåra. Her er det teikn som tyder på sviktande kommunikasjon mellom Kriminalomsorgen og politiet i Storevik. EMD har i sin rettspraksis lagt til grunn at sviktande kommunikasjon mellom organ i staten kan føre til ansvar etter konvensjonen dersom tilstrekkeleg god kommunikasjon kunne ha avverja eller minimert risikoen for, i dette tilfellet, dødsfallet, sjå E m.fl. mot Storbritannia avsnitt 98 og 100. Her kan ein iallfall stille spørsmål ved den manglande kontrollen av Peder medan han var på permisjon. Denne vurderinga må gjerast i lys av dei vanskane staten møter i kriminalitetsarbeidet. Av faktum går det fram at politiet i Storevik har ressursproblem og at oppsynet med Peder er nedprioritert. Ein kan her stille spørsmål ved om dette er ein legitim grunn for staten til å nedprioritere andre oppgåver. Eg kjenner ikkje praksis rundt dette, og ein kan argumentere i begge retningar. Den gode kandidaten vil her peike på ”the difficulties involved in policing modern societies” og at staten berre kan forventast å gjere det ein rimeleg kan forvente m.a. i lys av dei tilgjengelege ressursane. Eit absolutt vern mot kriminelle handlingar kan ein ikkje krevje etter konvensjonen.

 

I lys av pensum og gjennomgangen på storgruppene er det ingen grunn til å tru at dei rettslege spørsmåla i praktikumsoppgåva opplevast som spesielt vanskelege av kandidatane. I vurderinga av oppgåvesvara bør ein leggje vekt på kandidatane sine evner til å formulere gode og presise problemstillingar, formulere eit rettsleg grunnlag og deretter å knyte subsumsjonen opp mot dette. Dei heilt konkrete drøftingane med svak rettsleg forankring kjem i faresona for å passere.

 

Del II

Nokon av kandidatane kjem inn på dette spørsmålet meir generelt i oppgåve 1 b).

 

Kravet til proposjonalitet er handsama i læreboka på s. 121-122 og 130-131. EMD har utvikla eit generelt forholdsmessigkrav i høve til dei ulike konvensjonsføresegnene, men ein må her gjere unntak for fridomstap som følgje av straffedom jf. EMK art. 5.1 a. EMD vil i utgangspunktet ikkje ta stilling til forholdet mellom handling og straffereaksjon på dette grunnlaget.

 

Forsvararen viser òg til EMK art. 3 og forhodet mot ”torture or to inhuman or degrading treatment or punishment.” Spørsmålet er omtalt i læreboka på s. 162-164. EMD vil neppe overprøve nasjonale styresmakter si vurdering i slike tilfeller, med eit mogleg unntak for straff mot mindreårige, dødsstraff og ekstreme misforhold mellom handling og straffereaksjon. I dette tilfellet synest det nokså klart at straffereaksjonen er forholdsmessig etter konvensjonen sin standard. Spørsmålet vil difor kunne svarast på relativt kortfatta, og vidløftige utgreiingar viser dårleg skjønn. Det er ønskjeleg at kandidatane seier noko generelt om forholdsmessigkravet etter EMK, men får fram at dette ikkje gjeld i høve til straffereaksjonen. Dei fleste kandidatane vil truleg berre ta stilling til art. 3, men dei som også ser forholdet til art. 5 må få utteljing for det.

 

Til toppen