UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 3. studieår : JUS135

 

Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet

Sensorrettleiing obligatorisk kursoppgåve

3. studieår - JUS135 - 2006/2007

 

Generelt

 

Det går klart fram av oppgåveteksten at kandidatane skal svare på begge oppgåver innanfor teoridelen og praktikumsdelen. Vektinga av spørsmåla er normert i oppgåveteksten til ei 1/3 for teori og 2/3 for praktikum. Ein kan likevel forvente at kandidatane skriv om lag like mykje på begge delane. Den ulike vektfordelinga skuldast at spørsmål 1 a) må reknast som vanskeleg og at ein ikkje kan forvente særleg djupe drøftingar der.

 

Sensorane bør ikkje oppfatte denne sensorrettleiinga som ei tvangstrøye, og det må etter sensorane sitt skjønn være rom for å honorere oppgåver som avvikar noko frå dette løysingsforslaget.

 

Sensuren skal kombinerast med utfyllande kommentarar til kvar einskild oppgåve. Desse skal være til hjelp for kandidatane, og bør difor være meir utfyllande enn interne kommentar ved skuleeksamen. Ein bør, om mogleg, kommentere både det materielle, metodiske og generell framstillingsevne. Til slutt bør ein gi kandidaten ein peikepinn på nivået på oppgåvesvaret, ikkje med karakter, men med å vise til om oppgåvesvaret ligg i øvre, midtre eller nedre sjikt.

 

Oppgåve 1 (teori)

 

Spørsmål a)

Emnet er dekt i pensum i Jørgen Aall, Rettsstat og menneskerettigheter, men spreidd. Sjå t.d. s. 55-56 (generelt), 270 (i høve til personleg fridom), 336 (i høve til domstolsbehandling) og 383-387 (i høve til artikkel 6-rettar).

 

Denne oppgåva må reknast som krevjande og sensorane bør ikkje stille strenge krav til innhaldet her. Verknaden av å gje avkall på konvensjonsrettar er ikkje omtalt på storgruppene, men er omtalt på førelesingane i høve til enkelte av rettane. Fordi oppgåva spør etter verknaden av å gje avkall på konvensjonsrettar så peikar dette i retning av at samtykket ikkje alltid får verknad.

 

Det må presiserast at i den grad eit samtykke kan tilleggast vekt er verknaden at strid med konvensjonen ikkje vil bli konstatert.

 

Sjølv om oppgåva knytt seg til EMK, er det fint om kandidaten kort peikar på at tilsvarande spørsmål melder seg i høve til grunnlovrettane, til dømes § 96 og førelegg.

 

Det er alltid ein føresetnad at avkallet/samtykket er gyldig (m.a. ikkje gitt under tvang, sjå t.d. Deweer-dommen).

 

Det er bra om kandidaten får fram at det ikkje alltid er slik at eit avkall kan tilleggast den nemnde verknad. Det er og avansert om kandidaten får fram at det vil kunne vera flytande overgangar mellom tilfelle kor individet klart gjer avkall, unnlatar å hevda ein rett og krev det motsette av det retten går ut på (t.d ein rett til å døy i staden for ein rett til liv etter EMK artikkel 2). Vurderinga er vanskeleg og må føretakast i høve til den enkelte rett.

 

Kandidatane må sjå spørsmålet om avkall i lys av at EMD sin prøvingsintensitet er sterkare jo større ”inngrep” og at denne tankegangen til ei viss grad kan overførast også til verknaden av samtykke. Eit samtykke til tortur vil t.d. ikkje bli tilagd vekt av EMD i lys av art. 3, medan eit samtykke til ei behandling som elles ville ha vore nedverdigande etter same artikkel, t.d. medisinsk behandling eller som ledd i militær opplæring, vil kunne hindra konvensjonsstrid. I Engel mot Nederland har EMD uttalt at vernepliktige må tole meir i høve til art. 5 enn sivile. Dette forholdet byggjer ikkje på samtykke, men verknaden av eit samtykke vil virke på liknande måte.

 

Spørsmålet om samtykke kan i prinsippet reisast i høve til alle rettane, og har kome opp for EMD i høve til dei fleste. Nokre døme:

Pretty-dommen: Retten til livet (artikkel 2) gir ingen rett ein rett til å døy (RM s. 144).

McFeely-saka, kor dei elles umenneskelege/nedverdigane tilhøva i fengselet (artikkel 3) var ein følgje av klagaranes eigne handlingar (”dirty protest”).

De Wilde-dommen: Avkall på den personlege fridomen (artikkel 5) tek ikkje utan vidare frå staten for ansvar.

Nielsen-dommen: Tvangsinnlegging av barn etter krav frå mor. Her gjekk foreldreansvaret (artikkel 8) føre den personlege fridomen til barnet (artikkel 5).

Rommelfanger-saka: Aksepterte grenser for ytringsfridomen til tilsette (artikkel 10).

I høve til art. 8 kan det tenkast ei lang rekkje inngrep som ikkje medførar konvensjonskrenking dersom det eksisterar eit samtykke, t.d. støyplager i høve til privatliv.

 

Det er likevel i høve til artikkel 6 at dei fleste spørsmåla har meldt seg. Dette er òg mest utførleg handsama i pensum (RM s. 383-387). Det er fruktbart å skilje mellom heilt og delvis avkall på dei rettane artikkelen elles gir. Ved førelegg (som har ein viss parallell i valdgift i sivile saker) er det snakk om heilt å gje avkall på ordinær domstolshandsaming, sjå eit liknande tilhøve i Deweer-dommen). Spørsmålet om delvis avkall, avkall på enkelte av rettane under domstolshandsaminga av saka, er vanskeleg og usikkert. Medan eit avkall på ”offentleg behandling” normalt vil bli akseptert, stiller det seg annleis med retten til ”uavhengig domstol,” sjå til dømes Pfeiffer og Plankl. Minsterettane i artikkel 6.3 føreset i stort mon at parten gjer dei gjeldande aktivt. I høve til art. 6.3 d kan ein i ein viss mon gi avkall på retten til å avhøyre vitne jf. 3. ledd bokstav d, men domaren har og eit sjølvstendig ansvar om sakshandsaminga skal  kunne kallast (”fair”).

 

Ein bør være opne for litt sprikande oppgåvesvar i høve til kva situasjonar og døme kandidatane velgjer å trekke fram., og at ein kan samtykke i at ein elles inhabil dommar får halde fram i saka.

 

Spørsmål b)

Emnet er dekt i pensum i Aall på s. 83-89. Det heilt sentrale i oppgåva, som ein må forvente at alle kandidatar får fram, er å gjere greie for funksjonen til motstridsføresegna og til å plassere denne i forhold til Grunnlov og anna formell lov. Meir avanserte kandidatar vil kanskje sjå mrl. sin inkorporasjonsmodell med forrang i samband med andre måtar å gjennomføre konvensjonar i norsk rett på, t.d. passiv og delvis aktiv transformasjon, sektormonisme (jf. strpl. § 4 – her er ikkje skilnaden nødvendigvis stor), inkorporasjon utan forrang (jf. diskrimineringslova 03.06.2005) og gjennom presumsjonsprinsippet. Kandidatar som set modellen i mrl. § 3 i samband med rettstilstanden før inkorporeringa av EMK må få uteljing for det (sjå Rt. 1994 s. 610 om det såkalla klårleikskravet i høve til strpl. § 4, og den seinare rettsutviklinga i Rt. 2000 s. 996 og 2002 s. 557). Slik oppgåva er formulert er det ikkje nødvendig å drøfte inngåande eventuelle tolkingsspørsmål for å avgjere om det er motstrid, men kandidatar som får noko fornuftig ut av dette må få utteljing for det. Ein bør likevel forvente at kandidatane ser problemstillinga.

 

Det er vesentleg at kandidatane ser at mrl. § 3 ikkje er ei konstitusjonell norm, men at det kan endrast, opphevast eller gjerast unntak frå ved seinare lov. Dette følgjer eksplisitt av førearbeida (tilsvarande i høve til EØS-lova § 2). Det er òg vesentleg å få fram at ikkje berre konvensjonsteksten, men òg EMD sin praksis vert ein del av norsk rett gjennom mrl., sjå. Rt. 2000 s. 996 (på s. 1007-1008). Kandidatar som viser til rettspraksis som illustrasjon må få utteljing for det. Særleg aktuell er plenumsdommen i Rt. 2005 s. 833 der strl. § 195 tredje ledd måtte vike for EMK art. 6 nr. 2 sjølv om det låg ei klar lovgjevarvilje bak lova. Høgsterett presiserte her at det var snakk om to lovgjevarviljar, den bak strl. § 195 tredje ledd som ønskte å skjerpe vernet for mindreårige, men også bak mrl. § 3 som gav EMK forrang overfor andre lover ved motstrid. Avanserte kandidatar vil peike på at dommen reiser visse spørsmål i høve til domstolane si rolle i lys av ein demokratisk vald lovgjevar, men at Høgsterett handla i samsvar med intensjonen bak og i samsvar med mrl. § 3. Dersom lovgjevar har vurdert forholdet til konvensjonen og meint at lova står seg i høve til denne, så må domstolane, gjennom å bruke EMD sin metode (jf. Rt. 2000 s. 996), kunne kome til eit anna resultat. Domstolane si vilje til dette vil truleg variere på same måte som i forhold til grunnlovsrettane (jf. Rt. 1976 s. 1). Kandidatar som ser dette må særleg honorerast.

 

Ein bør forvente at dei aller fleste kandidatane ser dei sentrale momenta i denne oppgåva. Svakare oppgåvesvar vil typisk være upresise i høve til funksjonen og karakteren av mrl. § 3. Betre kandidatar vil gjerne makte å setje føresegna inn i ein større og meir generell rettsleg kontekst.

 

Oppgåve 2 (praktikum)

 

Emnet er dekt i pensum i Aall på s. 237-244 (art. 11), og s. 98 flg., særleg s. 106-115. Oppgåva reiser ei sentral problemstilling i alle demokratiske statar, men likevel ei problemstilling som ikkje får så mykje merksemd i undervisninga. Ser ein bort i frå det spesielle saksområdet så er testen velkjend for kandidatane i det dette er snakk om ei inngrepsvurdering etter EMK art. 11. Dette skal kandidatane meistre i løpet av kurset og inngrepsvilkåra etter EMK art 8-11 er omtalt i Aall på s. 129-133 og på storgruppene.

 

Det konkrete spørsmålet i oppgåva er om staten kan leggje ned forbod mot to politiske parti. Dette er spørsmål som er velkjende frå EMD sin praksis og har vore gjenstand for ei omfattande og prinsipiell storkammeravgjerd i Refah Partishi mot Tyrkia. Denne er, saman med andre relevante saker, vist til i Aall på s. 240.

 

Den fyrste testen for kandidatane er å finne det riktige rettsgrunnlaget for å avgjere spørsmålet. Påstandane til partane er med hensikt gjort noko vage, men det er vist generelt til Grunnlova og EMK. Sidan det ikkje er oppgitt kva instans saka står for, så må ein legge til grunn at saka står for ein norsk domstol. Dersom ein ikkje tar stilling til Grunnlova, om enn kortfatta, så må dette reknast for å være ein nokså grov mangel. Det er likevel ikkje lagt opp til ei omfattande drøfting av forholdet til Grunnlova. Staten hevdar at Grunnlova ikkje regulerar det aktuelle spørsmålet. Dette gir kandidatane høve til å vise at det ikkje følgjer eit vern for politiske parti av Grunnlova sin tekst. Dei fleste vil kanskje stoppe her, men meir avanserte kandidatar vil vise til respektive fleirtalet og mindretalet sine utsegner i Kjuus-orskurda i Rt. 1997 s. 1821. Fleirtalet skriv på s. 1833: ”Mye taler for at retten til å danne politiske partier i dag følger av konstitusjonell sedvanerett.” Mindretalet skriv på s. 1836-1837 at ”[r]etten til å organisere politiske partier er antakelig garantert av konstitusjonell sedvanerett.” Til trass for dette gir ikkje Høgsterettspraksis grunnlag for å trekke opp meir detaljerte grenser for forfatningsvernet, og ein kan forvente at kandidatane raskt vender seg til EMK.

 

Retten til å organisere seg i politiske parti er verna av EMK art. 11. Nokon vil kanskje dra inn art. 10 på grunn av partia sin religiøse karakter. Eit partiforbod kan tenkast å kome i konflikt med art. 10 i forhold til einskildpersonane som utgjer partiet, men for retten til å drive sjølve partiet er det art. 11 som er det korrekte rettsgrunnlaget. Dette må ein forvente at alle kandidatane ser.

 

Eit viktig metodisk poeng er at kandidatane må ta utgangspunkt i det saklege virkeområdet for art. 11. Dei må altså knyte vårt spørsmål opp mot ordlyden i art. 11 fyrste ledd ”Everyone has the right to … freedom of association with others…” Dette er eit inngangsvilkår før den konkrete inngrepsdrøftinga i andre ledd, og det må seiast å være ein grov metodisk mangel å unnlate dette. Det er likevel klart at partiforbodet fell inn under virkeområdet til art. 11 då politiske parti er ”association” etter EMK. Dette kan kandidatane slå kort fast.

 

Hovuddrøftinga vil være knytt til spørsmålet om partiforbodet likevel er i samsvar med unntaka i art. 11 andre ledd fyrste punktum. Det fyrste vilkåret her er at inngrepet er ”prescribed by law.” I faktum viser dei to partia til at heimelslova for forbodet ikkje er i samsvar med ”grunnleggjande krav.” Heimelskravet er omtalt på storgruppene og i Aall, jf. ovanfor. EMD har i sin praksis tolka lovkravet til at heimelen må være tilgjengeleg og tilstrekkeleg presis, jf. m.a. Sunday Times mot Storbritannia. Når det gjeld det fyrste vilkåret, om at lova må være tilgjengeleg for dei som blir omfatta av den, kan det tenkast at nokre kandidatar stiller spørsmål ved den raske vedtakinga av lova og det påfølgjande forbodet. Ei slik problemstilling har eit klart samband med tilbakeverknad, og eit sentralt element i vilkåret er at dei lova gjeld skal ha høve til å innrette seg etter den. I dette tilfellet har ikkje dei to partia fått høve til å innrette seg etter lova. På den andre sida er det ikkje meininga at eit slikt vilkår skal avskjere lovgjevar i å regulere for framtida med mindre lova rettar seg mot konkrete tidlegare handlingar. På dette punktet må heimelslova være i samsvar med konvensjonen sjølv om lova tilsynelatande er laga for å slå beina under dei to partia. Vidare vil nok dei fleste kandidatane stille spørsmål ved om lova er tilstrekkeleg presis. Her vil kandidatane måtte balansere lovgjevingstekniske omsyn med eit relativt strengt presisjonskrav grunna dei sentrale verdiane som lova heimlar inngrep i. Den gode kandidaten vil peike på at EMD i fleire saker har gjort presisjonskravet relativt etter omfanget og rettsgodet heimelen opnar for å gripe inn i.

 

Sidan saka står for norske domstolar vil også legalitetsprinsippet være eit relevant rettsgrunnlag her. I dette tilfellet vil det neppe være ein reell skilnad mellom heimelskravet i EMK og legalitetsprinsippet, men det er positivt om kandidatane nemner det. 

 

For at partiforbodet skal være konvensjonsmessig må det vidare være føremålsmessig, naudsynt i eit demokratisk samfunn og forholdsmessig jf. art. 11 andre ledd. Det vil neppe by på problem å argumentere for at forbodet er føremålsmessig ved å vise til ”national security or public safety,” ”prevention of disorder or crime” eller ”of the rights and freedoms of others.” Merk likevel at føremålet skal tolkast snevert og lista i art. 11 andre ledd er uttømande, jf. Sidiropoulus mot Hellas: ”Exceptions to freedom of association must be narrowly interpreted, such that the enumeration of them is strictly exhaustive and the definition of them necessarily restrictive.” Det ligg òg eit metodisk poeng i at kandidatane drøftar føremålet fyrst fordi dette er eit element i den seinare forholdsmessigvurderinga.

 

Det springande punktet i drøftinga er om forbodet er naudsynt i eit demokratisk samfunn og forholdsmessig. Nokon kandidatar vil kanskje drøfte dette som to ulike vilkår. Av EMD-praksis ser ein at domstolen sjølv er litt vag på om dette er eit og det same eller to vilkår, jf. Chapman mot Storbritannia: ”An interference will be considered “necessary in a democratic society” for a legitimate aim if it answers a “pressing social need” and, in particular, if it is proportionate to the legitimate aim pursued” (p. 90). Derimot synest det som om EMD gjer to vurderingar i Refah Partishi mot Tyrkia (p. 132 jf. 133). Det er neppe grunn til å dvele ved dette, og ein bør godta begge framgangsmåtane. Vilkåret reiser likevel to viktige tolkingsspørsmål som det er viktig at kandidatane ser. Det fyrste gjeld tolkinga av ordlyden ”necessary in a democratic society.” EMD har ikkje lagt terskelen så høgt at den berre kan nåast i dei mest akutte og livstrugande kriser, men at inngrepet svarar til eit tvingande samfunssmessig behov, jf. t.d. Sunday Times mot Storbritannia og Chapman ovanfor. Det andre er at kandidatane klarar å kople nødvendig- og forholdsmessigkravet opp mot føremålet med inngrepet. Dersom ikkje kandidatane gjer denne drøftinga i lys av det føremålet som forbodet er grunngitt i, så vil drøftinga lett bli hengande i lufta. Desse to momenta bør sensorane være særleg merksame på, og her vil ein truleg sjå eit skilje mellom gode og mindre gode oppgåver.

 

Når det gjeld den meir konkrete tolkinga av ”necessary in a democratic society” i høve til art. 11 og retten til å organisere seg, følgjer dette i hovudsak av rettspraksis frå EMD. Eit hint gir likevel ordlyden i fyrste ledd som reserverar forsamlingsretten til ”peaceful assembly.” Det er ikkje ei tilsvarande avgrensing i høve til organisasjonsfridomen, men i lys av praksis frå EMD gjeld det eit tilsvarande krav for denne. Dei gode oppgåvene vil knyte drøftinga opp mot ”democracy” i fortalen og art. 11 andre ledd vise at dette er ein grunnverdi i EMK.

Domstolen har i Refah Partishi presisert rammene for politisk organisering og aktivitet innanfor konvensjonen. I denne saka hadde den tyrkiske forfatningsdomstolen tvangsoppløyst partiet Refah Partishi fordi partiet sin religiøse profil var i strid grunnlova sitt krav om verdssleggjering av det politiske livet i Tyrkia. EMD kom til at tvangsoppløysinga av partiet var ”necessary in a democratic society,” og uttalte generelt at demokratiet er ein grunnverdi etter konvensjonen og at det innanfor denne er visse grenser for utøving av politisk påverknad:

 

”98. On that point, the Court considers that a political party may promote a change in the law or the legal and constitutional structures of the State on two conditions: firstly, the means used to that end must be legal and democratic; secondly, the change proposed must itself be compatible with fundamental democratic principles. It necessarily follows that a political party whose leaders incite to violence or put forward a policy which fails to respect democracy or which is aimed at the destruction of democracy and the flouting of the rights and freedoms recognised in a democracy cannot lay claim to the Convention’s protection against penalties imposed on those grounds [...].”

 

Vurderinga som må gjerast i høve til art. 11 andre ledd formulerte EMD slik:

”104.  In the light of the above considerations, the Court’s overall examination of the question whether the dissolution of a political party on account of a risk of democratic principles being undermined met a “pressing social need” […] must concentrate on the following points: (i) whether there was plausible evidence that the risk to democracy, supposing it had been proved to exist, was sufficiently imminent; (ii) whether the acts and speeches of the leaders and members of the political party concerned were imputable to the party as a whole; and (iii) whether the acts and speeches imputable to the political party formed a whole which gave a clear picture of a model of society conceived and advocated by the party which was incompatible with the concept of a “democratic society”.”

Det er altså dette som EMD har tolka å være ”necessary in a democratic society” og dermed utgjere eit ”pressing social need” i høve til eit faktum tilsvarande vårt. Sidan dommen er nemnt i Aall og dette er ei obligatorisk kursoppgåve så kan ein forvente at fleirtalet av kandidatane kjenner til eller har lest dommen og iallfall grove trekk av EMD sin argumentasjon. Det må likevel presiserast at faktum i denne dommen avvik noko frå vår sak, og at problemstillinga der var meir kompleks. Ein bør difor være noko liberale i høve til kva kandidatane får ut av dommen i høve til vår sak.

 

I lys av EMD si avgjerd i Refah Partishi gir faktum i vår sak grunnlag for to hovudproblemstillingar: 1) Utgjer dei to partia ein trugsel mot dei demokratiske grunnverdiane i konvensjonen, og er denne trugselen tilstrekkeleg nær? 2) Kan dei handlingane og utsegnene som er konvensjonsstridige tilskrivast partia som heilskap? Ein må godta at kandidatane formulerar noko avvikande problemstillingar så lenge desse stemmer med det overordna vurderingsemnet etter EMD sin praksis. Alt her kan det peikast på at Islamsk Samlingsprati opplagt ikkje har handla i strid med EMD sine vilkår etter art. 11.2 og at forbodet mot dette partiet er konvensjonsstridig. Det må være akseptabelt å gjere drøftinga av dette kort ved å vise til at partiet berre ønskjer å endre samfunnet gjennom fredelege verkemiddel og ikkje skade demokratiet.

 

Til den fyrste problemstillinga så gir faktum ei rekkje moment i høve til Islamsk Folkeparti. Det vil etter partiprogrammet innføre Islam som statsreligion, men òg ”omforme det norske samfunnet til eit tvers gjennom islamsk samfunn basert på Koranen.” Vidare vil det som følgje av vedtak på landsstyremøtet innføre ei ny grunnlov basert på islamske religiøse prinsipp. Desse utsegnene er vage og generelle, og kandidatane bør ta stilling til kva realitet som ligg i slike uttrykk. Dei fleste vil truleg kome til at utsegnene er for generelle til å gi eit klart bilete av ein samfunnsmodell i strid med konvensjonen sitt demokratiske grunnprinsipp. Meir tvilsam er utsegnene til Marte Kirkerud om at ho vil jobbe for innføringa av sharia-lovgjeving som gjeldande for muslimar i Noreg. Eit pluralistisk rettssystem basert på religion har EMD vurdert til å være i strid med m.a. diskrimineringsforbodet art. 14 (Refah Partishi p. 119), og ein samfunnsmodell basert på sharia-lovgjeving har domstolen vurdert til å være inkompatibelt med det demokratiske grunnprinsippet i konvensjonen (p. 123). Iallfall dette siste momentet bør kandidatane gripe tak i, men den konkrete utteljinga følgje av kor godt dei knyt det opp i mot det rettslege vurderingsemnet. Her bør ein òg problematisere i kva grad Kirkerud sitt utsegn er knytt opp mot partiet og ein del av politikken til dette. Her vil dei merksame kandidatane peike på at partiprogrammet åleine ikkje kastar lys over eit parti sin samla politikk (Refah Partishi p. 101 som viser til andre saker). I den samla vurderinga vil partiet si evne til å gjennomføre politikken sin være eit sentralt moment. Det vert vist til at partiet har 6% på meiningsmålingane og at desse i alle høve er usikre. I tillegg viser forbodet at partiet neppe ville ha fått særleg mange allierte på Stortinget, slik at sjansane for å få gjennomført politikken verkar minimal. På den andre sida har EMD peikt på at det er legitimt for staten å reagere på eit tidleg tidspunkt å hindre at skade skjer. Likevel synest det nokså prematurt å reagere med forbod i vår sak.

 

Når det gjeld den andre problemstillinga så heng denne saman med den fyrste. Ein representant for partiet, Mullah Borat, uttalar seg på ein måte som gir assosiasjonar til valdsbruk. Dette inngår som ein del av vurderinga ovanfor og vert rekna som ein uakseptabel påverknadsmåte etter EMK. Her må likevel kandidatane stille spørsmål ved om desse ytringane kan identifiserast med partiet som heilskap. Av faktum går det fram at Mullah Borat er ein lokal kommunestyrerepresentant og at partileiinga tar raskt avstand frå utsegnene hans. Likevel har ikkje partiet mange politikarar med verv fordi det berre har fått vald inn politikarar ved kommuneval ved sist val. Difor er Mullah Borat ein av 7 valde politikarar for partiet. Dette kan tale for at han bør tilleggast litt større vekt enn normalt for ein kommunepolitikar. Her bør kandidatane sjå nyansar sjølv om dei ikkje har lest Refah Partishi.

 

Staten hevdar at den må ha ein vid skjønnsmargin i høve til partiforbodet. Her bør kandidatane raskt vise at sjølv om staten i utgangspunktet er best skikka til å vurdere staten og samfunnet sin tryggleik, så er det klart at skjønnsmarginen er mindre ved omfattande inngrep i sentrale sivile og politiske rettar. Følgjande utsegn frå Refah Partishi (p. 100) er dekkande også for vårt faktum:

 

”The Court reiterates, however, that the exceptions set out in Article 11 are, where political parties are concerned, to be construed strictly; only convincing and compelling reasons can justify restrictions on such parties’ freedom of association. In determining whether a necessity within the meaning of Article 11 § 2 exists, the Contracting States have only a limited margin of appreciation.”

 

Ein må truleg rekne med ulike framgangsmåtar, vurderingar og løysingar av denne oppgåva. Også oppgåvesvar som avvik frå løysingsforslaget her vil kunne være gode. Retningsgivande for sensorane bør være kvaliteten på argumentasjonen og rettskjeldebruken. I vurderinga bør sensorane være merksam på at oppgåva bør reknast som krevjande, iallfall for dei svakare kandidatane.

 

Til toppen