UiB : Juridisk Fakultet : Studier : eksamen : oppgaver 3. avdeling

Sensorveiledning, endelig utgave
Tredje avdeling jus
Vårsemesteret 2002
Praktisk oppgave 

Praktikum – våren 2002

Endeleg versjon. Denne vegleiinga er skriven etter å ha retta 33 oppgåver.

Del 1.

Tvisten mellom Peder Ås og Marte Kirkerud.

Den første delen reiser kontraktsrettslege spørsmål.

Peder Ås krev erstatning, evt. prisavslag med kr 250000 kr.

Det første kandidatane må ta stilling til, er om råteskadene er ein mangel etter avhendingslova. Utgangspunktet for vurderinga er avhl. § 3-1(1). Avtalen gjev her ingen haldepunkt for mangelsvurderinga og kandidatane bør gå rett på den "abstrakte mangelsvurderinga" etter avhl. § 3-2 evt. avhl. § 3-9.

Kandidatane bør drøfte om eigedomsoverdraginga er eit "som han er" kjøp slik at mangelsspørsmålet må drøftast med utgangspunkt i avhl. § 3-9. Det er ikkje teke noko uttrykkeleg "som han er" atterhald. Ved kjøp av brukt bustad er det imidlertid svært vanleg å ta " som han er" atterhald og ein kan stille spørsmålet om ikkje eit slikt atterhald er underforstått mellom partane. Problemet er omtalt i Krüger Norsk Kjøpsrett s. 233-234.

Dersom ein kan tolke inn eit "som han er " atterhald, blir spørsmålet etter avhl. § 3-9 om eigedomen er "vesentlig ringere stand enn kjøparen hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og tilhøva elles". Reparasjonskostnadene er 250000 kr, noko som utgjer om lag 20% av kjøpesummen. Ein kan også trekkje inn at Ås har kjøpt ei leilighet i ein gamal bygard og at han derfor må rekne med at bygården har skadar. Spørsmålet om kva som er "vesentleg ringare stand" er grundig behandla i Krüger Norsk Kjøpsrett s. 246-251.

Dersom kandidaten konkluderer med at ein ikkje kan tolke inn eit "som han er" atterhald i avtalen, må mangelsspørsmålet vurderast etter avhl § 3-2(1) a. Eigedomen skal passe for "dei føremål som tilsvarande eigedomar vanlegvis blir brukt til". I dette ligg det at eigedomen skal ha ein viss standard. Spørsmålet er kva standard kjøparen ut frå ei objektiv risikobetraktning hadde grunn til å forvente ut frå blant anna pris, alderen på eigedomen og forholdet rundt kjøpet for øvrig. Kandidatane bør her trekkje inn at kjøpet gjeld ein gamal eigedom. Det er pårekneleg for kjøparen av ein brukt eigedom at det kan forekome råteskader. Men i dette tilfellet skuldast skadene ikkje vanleg elde av bygården, men dårleg handverk under oppussinga av bygarden. Det er nærliggjande å argumentere med dårleg handverk under opp pussing er noko som seljar må ha risikoen for. Mangelsspørsmålet er behandla i Krüger Norsk Kjøpsrett s. 227-234.

Oppgåva legg også opp til at kandidatane skal drøfte om Kirkerud burde ha opplyst Peder Ås om at det var "støvkorn" på golvet. Spørsmålet må vurderast etter avhl. § 3-7. Det er tvilsamt om opplysningane ville ha "verka inn" på avtalen da det på avtaletidspunktet var uklart kva som var årsaka til støvkorna. Det var først ut på vinteren 2002 at problemet økte slik at det var grunnlag for å undersøke årsaka til problemet. Dersom ein kjem til at opplysningane om støvkorna ville ha verka inn på avtalen, blir spørsmålet om Ås hadde "grunn til å rekne med å få" desse opplysningane. At opplysningane ikkje gjeld sentrale eigenskapar ved kontraktsytinga kan tale mot å gje ei opplysningsplikt om støvkorna. Eg tviler på at Ås kan vinne fram med at Kirkerud har brote opplysningsplikta.

Spørsmålet om opplysningplikt er omtalt i Krüger Norsk Kjøpsrett s. 182-184 og 190-195.

Mange kandidatar behandlar spørsmålet om Marte Kirkrud burde ha opplyst om råteskadane. Marte Kirkerud kjente ikkje til råteskadane. Marte Kirkerud har berre opplysningsplikt om forhold ho kjente eller måtte kjenne til. Det er derfor uheldig å bruke mykje spalteplass på eit slikt grunnlag som ikkje kan føre fram.

Spørsmålet blir så Ås kan kreve erstatning evt. prisavslag med kr. 250000.

Ås har etter avhl. § 4-12 krav på prisavslag dersom det foreligg ein mangel. Prisavslaget skal vere forholdsmessig, avhl § 4-12(1). Den gode kandidat vil få fram at prisavslaget ikkje nødvendigvis er det same som reparasjonsomkostningane på 250000, jfr Rt 2000 s. 199. Reparasjonskostnadene kan berre leggjast til grunn dersom noko anna ikkje er godtgjort.

Eit spørsmål er om vilkåra for å kreve erstatning er oppfylt. Ansvarsgrunnlaget er kontrollansvarsregelen i avhl. § 4-14, jfr § 4-5. Årsaka til råteskadane var at Byggnytt A/S hadde lagt parketten på uriktig måte. Kandidatane kan her drøfte om årsaka til mangelen ligg "utanfor seljarens kontroll". Etter mitt syn ligg denne feilen utanfor Marte Kirkerud sin kontroll. Dette synet blir støtta av uttalingar i Ot.prp. nr. 66 s. 109, jfr. også Trygve Bergsåker : Kjøp av fast eiendom s. 317. Det foreligg ikkje ansvarsgrunnlag. Kontrollansvarsregelen er omtalt i Krüger Norsk Kjøpsrett s. 459-466.

Det er overraskande få som får noko ut av kontrollansvarsdrøftinga. Svært mange kandidatar synest ikkje å ha forstått innhaldet i regelen.

Oppgåva reiser spørsmålet om Ås kan krevje prisavslag eller erstatning trass i at Marte Kirkerud ikkje har fått høve til å rette mangelen. Kandidatane bør sondre mellom prisavslag og erstatning.

Prisavslag. Etter avhl. § 4-10(4) kan ikkje kjøparen krevje prisavslag dersom han avviser retting som seljaren har rett til å utføre etter avhl. § 4-10(1). Bestemmelsen regulerer ikkje den situasjonen at kjøparen rettar mangelen før han reklamerer til seljaren. Ein kan argumentere med at det ikkje bør vere nokon forskjell mellom den situasjonen der kjøparen avviser eit rettmessig rettingsforsøk og der kjøparen rettar utan å varsle seljaren.

Erstatning. Dersom kjøparen urettmessig avviser rettingstilbod frå seljaren, fører ikkje dette til bortfall av erstatningskravet, jfr. Ot.prp.nr.66(1990-91) s. 107. Men etter mitt syn bør ein her ikkje velje ei anna løysing for vårt tilfelle enn for avvisningstilfellet. Ein kan argumentere med at kjøparen bør tape erstatningskravet som sanksjon mot at han har hindra seljaren i å rette mangelen. Men et visst sanksjonselement vil liggje i erstatningsutmålinga. Dersom seljaren kunne utbetra på ein billegare måte enn det kjøparen har gjort, har kjøparen brote tapsavgrensningsplikta, jfr. avhl. § 7-2(1).

Problemstillingane er ikkje omtalt i den tilrådde litteraturen. Spørsmåla er behandla av Pål Jensen i LoR 2001 s. 309 og i Trygve Bergsåker Kjøp av fast eigedom(2000) s. 302. Få kandidatar får noko ut av problemstillinga. Mange kandidatar drøftar om Marte Kirkerud har rett til å rette etter avhl. § 4-10(1) eller om kjl. § 36(3) kan brukast analogisk. Det er ikkje dette som er problemstillinga. Problemstillinga er vanskeleg, og ein bør her ikkje trekkje mykje dersom ein ikkje ser problemet dersom dei andre problemstillingane i del 1 er bra behandla.

Den siste problemstillinga i del 1 er om Ås har reklamert innan fristane i avhl.§ 4-19. Ås må reklamere innan "rimelig tid" etter at han "oppdaga eller burde oppdaga" avtalebrotet. Ein kan her stille spørsmålet om Ås "oppdaga" avtalebrotet da representanten frå Billekiller A/S gav beskjed om at parketten kunne vore lagt opp på fuktig materiale eller først når golvet var rive opp slik at denne mistanken kunne stadfestast. Omsynet til seljaren taler for at uttrykket "oppdaga" må tolkast slik at det er nok at symptom på mangelen viser seg. Ein slik regel vil imidlertid vere streng ovanfor kjøparen og er ikkje lagt til grunn i rettspraksis, jfr Rt 1933 s. 1218 (Soppskadar i fast eigedom; kjøpar måtte få tid til å undersøke om omfanget av skaden og opprinnelse gav grunnlag for å påberope seg forholdet).

Den relative reklamasjonsfristen byrjar etter mitt syn å løpe frå det tidspunktet golvet blir rive opp og undersøkingar var blitt foretekne. Det går ikkje klart fram av faktum kva tidspunkt dette er, men det er ei tid etter 13.mars. Spørsmålet er om Ås reklamerer "innen rimelig tid" når ham reklamerer 13 april. Dette må vurderast konkret. Uttrykket "rimelig tid" bør neppe gje rom for å vente med reklamasjonen inntil ein har fått utbetra mangelen.

Den relative reklamasjonsfristen er omtalt i Krüger Norsk kontraktsrett s. 559-565.

I læringskrava blir det stilt krav om grundig kjennskap til dei spørsmåla som blir tekne opp i del 1.

Del 1 reiser mange sentrale spørsmål innan kontraktsrettsfaget. Overraskande mange kandidatar har likevel problem i del 1. Det er mange som ikkje er i stand til å foreta ei abstrakt mangelsvurdering. Det er få kandidatar som drøftar om det foreligg eit som han er kjøp. Mange legg ukritisk til grunn at avhl. § 3-9 regulerer forholdet.

Del 2.

Del 2 reiser problemstillingar innan materiell og prosessuell konkursrett.

Tvisten mellom konkursbuet og Marte Kirkerud.

Marte Kirkerud krev erstatning av Byggnytt A/S det ho eventuelt må betale til Ås. Ho hevdar ho har rett til å melde dette kravet som dividendekrav i konkursbuet. Bustyraren hevda at Marte ikkje kan gjere eit uvisst krav gjeldande i buet. Kandidatane bør her sjå at det ikkje er noko krav om at kravet er endeleg fastslått for at det skal kunne gjerast gjeldande i eit konkursbu. Etter deknl. § 6-1 er det tilstrekkeleg at kravet er "oppstått før åpningen av bobehandlingen". Vidare går det fram av deknl. § 6-2(1) at dersom det knyter seg eit vilkår til ei fordring, hindrar det ikkje at fordringa kan meldast som dividendekrav. At kravet mot Byggnytt A/ S er avhengig av at Ås vinn fram med krav mot Kirkerud, er altså ikkje til hinder for at kravet kan meldast i buet.

Bustyraren innvender at dei øvrige kreditorane hadde behov for å å utbetalt sin dividende, og at bustyraren ikkje kunne avvente utlodninga i påvente av at Marte Kirkerud skulle få fastslått sitt krav. Kandidatane kan her vise til at etter kkl. § 127 kan det skje ei foreløpig utlodning. Etter kkl. § 133 skal den dividende som fell på ein omtvista fordring der eit vilkår ikkje er inntruffe, settast inn på ein konto inntil fordringa er godkjent og vilkåret er inntruffe. Omsynet til dei øvrige kreditorane er derfor til ein viss grad ivareteke.

Spørsmålet om kva fordringar som kan meldast som dividendefordringar, er omtalt i Mads Henry Andenæs Konkurs s. 314. Når det gjeld reglane om utlodning er dei behandla i den tilrådde litteraturen i Sjur Brækhus Omsetning og kreditt 1 s. 54-55.

Når det gjeld eksamenskravet, blir det krevd grundig kjennskap til reglane om dividendekrav. Det blir krevd kjennskap til reglane i konkurslova om konkursbehandling.

Oppgåva reiser sentrale spørsmål innan gjeldsforfølgingsretten. Kandidatar som hevdar at kravet må vere endeleg avgjort for å kunne meldast i buet, må trekkjast betydeleg. Det er heldigvis svært få som ikkje greier del 2. Mange kandidatar skriv imidlertid svært omstendeleg om spørsmålet.

Del 3.

Del 3 reiser spørsmål innan panterett og dynamisk tingsrett.

Tvisten mellom Stordalsbanken og Lars Holm.

Stordalsbanken hevdar å ha panterett i kuttemaskina. Det problematiske her er at kuttemaskina ikkje fysisk har vore innom Kutteren A/S sitt varelager. Etter pl. § 3-11(2) er "varelager" verksemda sine "beholdninger" av handelsvarer. Ordlyden stiller ikkje opp noko krav om at varene må vere inne i eit lager eller på ein bestemt eigedom. At det ikkje berre er varer som er inne i eit lager som blir omfatta av omgrepet varelager, er også oppfatninga i juridisk litteratur. Sjur Brækhus uttaler i Omsetning og Kreditt 2 s. 63 at "[H]vor varene befinner seg, er likegyldig. Foruten varer som oppbevares i bedriftens egne lokaler, omfatter varelagerpantet også varer som bedriften har under transport eller opplagret hos tredjemann og varer som tredjemann har til bearbeidelse eller i salgskommisjon for bedriftens regning". Ein kan stille spørsmålet om saka skal stille seg annleis fordi varene ikkje var på veg inn i eit varelager, men vart transportert direkte til kunden. Etter mitt syn kan dette ikkje føre til ei anna vurdering av saka. Det som gjer spørsmålet problematisk er at Holm var med ein representant frå Kutteren A/S for hente maskina. Ein kan da stille spørsmålet om ikkje maskina blir overlevert direkte til Holm slik at ho ikkje har vore innom Kutteren A/S sin formuesfære.

Dei fleste kandidatane ser problemet, men det er få som får til gode drøftingar.

Dersom maskina går inn i varelagerpantet, får ein spørsmålet om maskina er gått ut av varelageret på ein slik måte at panteretten i maskina er fallen bort. Panteretten kan falle bort ettert pl. § 3-13, jfr. §3-7(3). Eit vilkår er at varene "avhendes" ,jfr. § 3-13(1). Det problematiske er om Holm har kjøpt maskina eller om han berre har maskina på lån i påvente av at Kutteren A/S skal levere "Superslicer 2002". Holm betalte 100000, noko som kan tyde på at han har kjøpt CutCut. Men ein kan også sjå på dette som forskotsbetaling av Superslicer og ikkje som betaling for CutCut. Ein kan også stille spørsmålet om Holm får kuttemaskina som sikkerhet for forskotsbetalinga. I så fall vil panteretten ikkje falle bort etter pl. § 3-13(1), jfr. § 3-7. Ein del kandidatar som kjem til at Holm har ein midlertidig bruksrett til CutCut drøftar om pl. § 3-13 kan brukast analogisk på stifting av bruksrettar. På grunn av det panterettslege legalitetsprinsippet er det lite rom for å fravike ordlyden i pl. Dersom kandidaten går inn på spørsmålet om pl. § 3-13 kan brukast analogisk på stifting av bruksrettar, bør han også ta stilling til om CutCut går inn i varelageret eller om maskina må reknast som driftstilhøyrsle etter pl. § 3-4.

Dette spørsmålet er ikkje uttrykkeleg omtalt i litteraturen. Varelagerpant er behandla i Sjur Brækhus Omsetning og Kreditt 2 s. 61-67.

Dersom panteretten ikkje fell bort etter pl. § 3-7(3) 1. punkt. får ein spørsmålet om panteretten blir ekstingvert etter godtrulova, jfr. pl. § 3-7(3) 2 punkt. Forutsetninga må vere at det er ei maskina er "solgt" etter godtl. § 1. Det problematiske er om Holm er i aktsom god tru etter godtl. § 1(2). Ein kan argumentere med at det er vanleg med pant i næringsdrivande sitt varelager og at Holm derfor burde undersøkt om det forelåg varelagerpant. Den gode kandidat vil trekkje fram Rt 1990 s. 59(Myra båt) der det ikkje blir stilt strenge krav til undersøkningsplikta.

Dei fleste kandidatane drøftar spørsmålet om god tru bra.

Spørsmålet og godtruerverv er behandla i Kåre Lilleholt Godtruerverv og kreditorvern s. 148-154 og Falkanger s. 567-577.

I læringskrava blir det krevd kjennskap til både avtalepant i varelager og til godtruerverv av rettar i lausøyreting.


Om vurdering av besvarelsane.

Del 1 er mest omfattande, medan det er mist arbeid i del 2. Når det gjeld forholdet mellom dei ulike delane, bør utgangspunktet vere at del 1 skal telje 50 %, del 2 10 % og del 3 40 %. Dersom ein del er svært god, kan denne vege opp at ein annan del er mindre god. Karakterfastsettinga skal skje på grunnlag av ei heilskapsvurdering.

Som vanleg er det svært vanskeleg å gje presise retningslinjer for korleis kandidatane skal plasserast på karakterskalaen. Kandidatar som viser at dei manglar grunnleggjande kunnskapar, bør stryke. For å få laud må kandidaten vise at han har forstått det grunnleggjande innhaldet i dei rettsreglane som er relevante for oppgåva. Dersom kandidaten finn dei relevante rettsreglane og struktuerer oppgåva bra, bør han kunne oppnå laud trass i at enkelte drøftingar er tynne. Det bør ikkje krevjast stor djubdekunnskap for å oppnå laud. Enkelte feil og svake delar i oppgåvesvaret bør ikkje hindre laudabel karakter. Det må likevel understrekast at karaktersettinga avhengar av ei heilskapsvurdering, og at det er umogeleg å gje noko klart svar på kva som må vere med for å oppnå laud.

Sensorane bør leggje vekt på kandidaten si evne til å strukturere dei rettslege argumenta slik at konklusjonen kjem naturleg. Kandidatar som uttrykker seg presist og som har ein god struktur på oppgåvesvaret bør få bra utteljing for det.

Kva som skal til for å få ein god karakter, må vurderast ut ifrå i kva grad kandidaten har dei nemde kvalitetane. Den gode kandidat meistarar dei vanskelege problemstillingane som oppgåva reiser. Eg er overraska over at det ikkje er fleire som hevdar seg i toppen av karakterskalaen. Til no har eg ikkje gjeve betre enn 2,60.

Bergen 27.05.02.