UiB : Juridisk Fakultet : Studier : eksamen : oppgaver 3. avdeling

Praktikumsoppgave

Sensorvegleiing for praktikumsoppgåve 3. avdeling, våren 2001.

 

Del 1.

Tvisten mellom Peder Ås og Vill Mat.

Den første delen reiser kontraktsrettslege spørsmål.

Peder Ås krev reparasjonen som kosta 20000 kr. erstatta eller dekt som prisavslag.

Det første kandidatane må ta stilling til, er om skaden på maskina utgjorde ein mangel. Etter kjl § 21 (1) er det tingen sin tilstand på det tidspunktet da risikoen går over på kjøparen som er avgjerande for om gjenstanden har ein mangel. Når risikoen går over på kjøparen, er regulert i kjl § 13. Risikoen går over på kjøparen når gjenstanden er "levert som avtalt eller i samsvar med § 6 eller § 7".

Overraskande mange kandidatar overser kjl § 21 (1) og går rett på risikovurderinga etter kjl 13.

Da det ikkje er nokon avtale om når levering skal skje, må ein falle attende på reglane i kjøpslova. Den deklaratoriske hovudregelen er hentekjøp etter kjl § 6. Da det er Ås og ikkje Vill Mat som engasjerer transportør, er det ikkje eit sendekjøp etter kjl § 7 (2). Ein del kandidatar drøftar risikospørsmålet ut frå kjl § 7 (2). Dersom risikospørsmålet er bra drøfta, bør dei ikkje trekkjast mykje for å bruke kjl § 7 (2).

Etter kjl § 6 (2) er levering skjedd i hentekjøp når gjenstanden er "overtatt" av kjøparen. Problemet er om pakkemaskina var "overtatt" av Peder Ås da innlastinga begynte eller da innlastinga var ferdig. Dersom maskina var "overtatt" da innlastinga begynte, er maskina levert på dette tidspunktet, og Peder Ås har risikoen for skadar som oppstår under innlastinga, jfr. kjl § 12.

Lastesituasjonen er ikkje omtalt i lovførebuingane til kjl. Eg kan ikkje sjå at spørsmålet har vore diskutert i teorien i forhold til kjl § 6 (2). Når det gjeld sendekjøp etter kjl § 7 (2), uttaler Kragh Jørgensen i JV 1991 s. 85 at vurderinga "må bero på om en anser leveringshandlingen fra selgerens side som avsluttet". Det same synspunktet er kome til uttrykk i sendekjøp i Rt 1926 s. 106, der det er uttalt at levering er skjedd når "varen uten nogen yderligere medvirkning fra sælgeren eller hans repræsentanters side vil bli videresendt til bestemmelsesstedet". Dette synspunktet må ein også kunne bruke ved tolkninga av uttrykket "overtatt" i kjl § 6 (2). To tilsette hos seljaren var med å laste maskina inn i bilen. Dette taler for at leveringshandlinga ikkje er avslutta frå seljaren si side. På den andre sida var det også to personar frå Flytt A/S med på lastinga. Årsaka til skaden på pakkemaskina var at lastestroppen rauk. Ein kan argumentere med at kjøparen da er nærmare til å bere risikoen for ein slik tekninsk svikt hos hans kontraktsmedhjelparar enn seljaren.

Spørsmålet er tvilsamt. Eg vil leggje avgjerande vekt på at to av Vill Mat sine tilsette er med på innlastinga, og at leveringshandlinga derfor ikkje er avslutta før makina er innlasta i bilen.

Inntrykket mitt er at dei fleste kandidatane behandlar risikospørsmålet godt.

Spørsmåla om risikoovergang og levering er omtalt i Krüger Norsk kjøpsrett 4. utg. s. 455 flg. Spørsmålet om kven som har risikoen ved skadar som oppstår under innlasting, er ikkje omtalt uttrykkeleg i tilrådd litteratur.

Er levering skjedd da maskina er lasta inn i lastebilen dvs. etter uhellet, er det maskina sin tilstand på dette tidspunktet som er avgjerande for om det foreligg ein mangel, jfr kjl § 21. At skaden på maskina er ein mangel etter kjl § 17, er ikkje tvilsamt.

Peder Ås krev prisavslag som svarar til reparasjonsomkostningane. Etter kjl § 38 kan kjøparen krevje prisavslag slik at "forholdet mellom nedsatt og avtalt pris svarer til forholdet mellom tingens verdi i mangelfull og kontraktsmessig stand". I dette ligg det at kjøpesummen skal reduserast prosentvis så mykje som mangelen utgjer i prosentvis verdiminus. Dette utgjer ikkje nødvendigvis reparasjonsomkostningane. Det er mogeleg at han vil kunne få eit prisavslag på 20000, men oppgåveteksten gjev ikkje haldepunkt for å vurdere omfanget av prisavslaget. Det viktigaste er at kandidatane ser at prisavslaget ikkje nødvendigvis samsvarar med reparsjonsomkostningane.

Ein del kandidatar prøver å seie noko om kor stor verdireduksjonen er på grunn av skaden. Etter mitt syn er dette uheldig da ei verdivurdering av maskina med skaden blir rein spekulasjon.

Spørsmålet om prisavslag er omtalt i Krüger Norsk kjøpsrett 4. utg s. 424 flg.

Alternativt krev Peder Ås reparasjonsomkostningane erstatta. Da det ikkje er utvist aktløyse frå seljaren si side, blir det rettslege grunnlaget kontrollansvarsregelen i kjl § 40 (1) jfr § 27.
Kandidatane bør her drøfte om årsaka til skaden på maskina ligg "utenfor" seljaren sin "kontroll". Det avgjerande er kva seljaren i prinsippet kan kontrollere. Kontrollsfæreregelen fungerer som ein tenkt sirkel trekt rundt seljaren si verksemd.

Problemet her er om det at stroppen rauk, var ein feil innanfor seljaren sin kontrollsfære. At seljaren sine tilsette var med på lastinga, trekkjer i retning av at årsaka til mangelen ligg innanfor seljaren sin risikosfære. På den andre sida tilhøyrde stroppen som rauk Peder sine kontraktsmedhjelparar. I tillegg var to av Peder Ås sine medhjelparar var med på lastinga. Etter mitt syn ligg årsaka til mangelen utanfor Vill Mat sin kontrollsfære. Vill Mat blir ikkje erstatningsansvarleg overfor Ås.

Mange av drøftingane av kontrollansvarsregelen blir omstendelege og upresise.

Ein del kandidatar kjem til at det ikkje foreligg nokon mangel og drøftar ikkje spørsmålet om prisavslag og erstatning subsidiært. Etter mitt syn er det uheldig å ikkje drøfte prisavslags-og erstatningsspørsmålet.

Spørsmålet om kontrollansvar er omtalt i Krüger Norsk kjøpsrett 4.utg. s. 459 flg.

I læringskrava blir det krevd grundig kjennskap til dei spørsmåla som blir tekne opp i del 1.

Del 2.

Tvisten mellom Peder Ås og konkursbuet.

Også del 2 reiser i hovudsak kontraktsrettslege spørsmål. Da Vill Mat er konkurs, bør kandidatane kome inn på relevante bestemmelsar i dekningslova.

Konkursbuet har teke beslag i Vill Mat si fordring mot Peder Ås og krev betaling av Peder Ås.

Peder Ås hevdar at han har rett til å heve avtalen. Dersom han har ein slik rett, fell plikta til å betale kjøpesummen bort, jfr kjl § 64, slik at buet ikkje har noko pengekrav mot han. At seljaren er konkurs kan ikkje hindre Ås i å hevde at vederlagskravet er falle bort på grunn av heving.

Svært mange kandidatar går inn på reglane i deknl. kap. 7. Det er uheldig at kandidatane brukar tid og spalteplass på reglane om buet sin inntredingsrett og hevingsreglane i deknl. kap. 7. Ås vil heve på grunn av vesentleg misleghald, ikkje fordi seljaren er konkurs. Det er heller ikkje noko haldepunkt for at buet har trådt inn i avtalen med Ås. Buet kan krevje betaling av Ås gjennom å beslagleggje pengekravet på kjøpesummen utan å måtte tre inn i avtalen. Ås har heller ikkje overlevert nokon yting til konkursdebitor som kan hindre han i å heve.

Det første kandidatane må ta stilling til, er om feilen ved produksjonsmaskina utgjer ein kjøpsrettsleg mangel.

Kandidatane bør drøfte om det reelt sett foreligg eit "som den er"-kjøp slik at utgangspunktet for mangelsvurderinga er kjl § 19 og ikkje kjl § 17. Det er ikkje teke noko uttrykkeleg "som den er"-atterhald. Problemet er om eit slikt atterhald er underforstått. At salssummen er lågare enn innkjøpsprisen, kan trekkje i retning av at maskina er seld i den stand ho er på salstidspunktet, og at kjøpar har risikoen for skjulte feil. Det er vidare vanleg at gjenstandar som blir seld i andre hand blir seld under ein forutsetning om at kjøpar overtek risikoen for skjulte manglar. Men i dette tilfellet er maskina ikkje pakka ut og brukt slik som er vanleg i "som den er"-kjøp. Etter mitt syn foreligg det ikkje klare nok haldepunkt for at det er eit "som den er"-kjøp etter kjl § 19. Spørsmålet om det foreligg eit "som den er"-kjøp er behandla i Krüger Norsk Kjøpsrett s. 233-234.

Eg er usikker på om det foreligg eit "som den er kjøp" i dette tilfellet. Eg trur båe løysingane kan forsvarast.

Dersom ein kjem til at det foreligg eit "som den er"-kjøp, blir spørsmålet om "tingen er i vesentlig dårligere stand enn kjøperen hadde grunn til regne med etter kjøpesummens strørrelse og forholdene ellers, jfr. kjl § 19(1)c. I dette tilfellet er kvar tredje pakke utett. Dette sett i samanheng med at prisen er 150000 kr, dreg i retning av at tingen er vesentleg dårlegare enn Peder Ås hadde grunn til å rekne med.

Dersom ein kjem til at det ikkje foreligg eit "som den er" kjøp, blir utgangspunktet for vurderinga kjl § 17. Maskina skal vere i samsvar med det avtalte. Ein kan argumentere med at det fylgjer av avtalen sine forutsetningar at maskina skal produsere tette pakningar. Etter mitt syn er det lite å hente i avtalen, og kandidatane bør kome inn på den "abstrakte mangelsvuderinga" etter kjl § 17 (2)a. Vara skal passe for "de formål som tilsvarende ting vanligvis brukes til". I dette ligg det at gjenstanden skal oppfylle ein viss funksjonsforventning. Det leverte skal vere av "vanlig god vare" og oppfylle "normalforventningen" i det konkrete tilfellet, jfr Rt 1998 s.774 (Lyd og bilde-dommen). Kjøpar av ei pakkemaskin kan nok ikkje forvente at ho pakkar tett i alle tilfella. Men at så mykje som kvar tredje pakke ikkje er tett, ligg nok under den funksjonsforventninga som kjøpar kan leggje til grunn.

Oppgåveteksten gjev to moment som kandidatane bør kommentere. Maskina er kjøpt i andre hand. Normalt kan ein ikkje forvente at ei maskin kjøpt i andre hand fungerer like godt som ei fabrikkny maskin. Men dette kan ikkje ha betydning her da maskina ikkje er brukt av Vill Mat. For det andre er den prisen som Ås betalte lågare enn den Vill Mat betalte til produsenten. Prisen gjev vanlegvis uttrykk for kjøparen sitt forventningsnivå. Men ein kan neppe seie at Peder Ås gjennom å betale 50000 mindre for pakkemaskina har gått med på å få ei maskin der kvar tredje pakke er utett.

Etter mitt syn har pakkemaskina ein kjøpsrettsleg mangel.

Mangelsspørsmålet er grundig behandla i Krüger Norsk kjøpsrett 4. utg. s. 153 flg.

Det neste spørsmålet kandidatane må ta stilling til, er om Peder Ås kan heve avtalen etter kjl § 39.

Grunnvilkåret for å heve er at det foreligg eit "vesentlig kontraktsbrudd". Etter lovførebuingane skal ein her foreta ei heilskapsvurdering. Eitt moment i vurderinga er mangelens art. Ein tredjedel av den pakka maten heldt ikkje mål. Peder Ås kan ikkje bruke maskina slik ho er. At reparasjonsomkostningane er 100000 dvs. 2/3 av salssummen, seier også noko om kor alvorleg mangelen er. Eit anna moment i vurderinga er kva betydning ei heving vil ha for seljaren. Vill Mat vil kunne reparere maskina og selje ho vidare. Eit vesenteleg argument her er at Peder Ås vil kunne reparere maskina for deretter å krevje reparasjonsomkostningane erstatta. Enkelte kandidatar framhevar at dersom Ås reparerer maskina og krev erstatning for reparasjonskostnadene, vil han berre få dividende av reparasjonskostnadene sidan Vill Mat er konkurs. Eg er usikker på kor stor vekt dette argumentet har. I alle fall går reparasjonskostnadene til frådrag i kjøpesummen så langt han rekk, jfr. deknl § 8-1.

Da maskina kan reparerast, er det ikkje noko behov for å bruke den alvorlege sanksjonen heving. Etter mitt syn foreligg det derfor ikkje eit "vesentlig" kontraktsbrot frå Vill Mat si side.

Dei fleste kandidatane behandlar magels- og hevingsspørsmålet bra. Dette er sentrale spørsmål innan kontraktsrettsfaget som kandidatane bør ha tak på.

Spørsmålet er behandla i Krüger Norsk kjøpsrett s. 400 flg.

Perder Ås hevdar han har eit erstatningskrav mot Vill Mat som han kan melde som dividendekrav i konkursbuet. Kva krav som kan meldast i buet er regulert i deknl § 6-1. Eventuelle dividendekrav vil han kunne motrekne krone for krone i konkursbuet sitt krav mot han, jfr. deknl § 8-1.

Peder Ås hevdar at han kan melde reparasjonsutgiftene for skade på pakkemaskina som dividendekrav. Dersom han har eit erstatningskrav mot Vill Mat, jfr del 1, kan han melde dette som dividendekrav i buet. Har han derimot eit prisavslagskrav, vil han ikkje kunne kunne fremme det mot Vill Mat og samtidig heve avtalen. Prisavslag kan ikkje kombinerast med heving.

Vidare krev Peder Ås at ei rekkje andre erstatningskrav kan meldast i buet som dividendekrav.
Ansvarsgrunnlaget er kjl § 40 (1), jfr § 27, det såkalte kontrollansvaret. Ein del kandidatar drøftar om mangelen skuldast ei hindring utanfor Ås sin "kontroll". Nokre kandidatar går inn på spørsmålet om innhaldet i uttrykket "kontroll" må fastleggjast etter eit strengt årsaksperspektiv eller etter ei vurdering av dei praktiske påverknads-og kontrollhøva. Dette spørsmålet er bl.a. behalda av Hagstrøm i Fragmenter fra obligasjonsretten 180-185. Det er positivt at kandidaten nemner problemstillinga, men det er uheldig at enkelte kandidatar brukar mykje tid og spalteplass på dette spørsmålet. Dei fleste kandidatane kjem til at mangelen skuldast ei hindring som ligg utanfor Vill Mat sin "kontroll" etter kjl § 27 (1).

Kandidaten bør kome inn på kjl § 27 (2) som krev at seljaren må påvise at også tidlegare salsledd er ansvarsfri etter kjl § 27 (1). Det er klart at ein feil i maskina ligg innanfor Maskinfabrikken sin kontroll, slik at Maskinfabrikken A/S ikkje er fri etter kjl § 27(1). Kjl § 27 (2) er streng ovanfor seljaren og kan i mangelstilfella føre til urimelege resultat, noko som enkelte kandidatar er inne på. Kjl § 27 (2) er kommentert av Kai Krüger Norsk Kjøpsrett s. 467.

Da Peder Ås ikkje kan påvise at han er fri for ansvar etter kjl § 40 jfr. kjl § 27 , er han ansvareleg etter kontrollansvarsregelen.

Eit anna ansvarsgrunnlag som kan drøftast, er tilsikringsansvar for kjerneigenskapar etter kjl § 40 (3)b. Dersom det foreligg tilsikringsansvar, får Peder Ås også erstatta det indirekte tapet. Etter mitt syn foreligg det her neppe tilsikringsansvar for kjerneeigenskapar.

Ein del kandidatar drøftar om dei aktuelle tapa er "oppstått før åpningen av bobehandlingen" slik at dei kan meldast som dividendekrav, jfr. deknl § 6-1. Her bør kandidatane kort slå fast at erstatningskrava oppstår når mangelen oppstår, jfr. Andenæs Konkurs s. 314.

Kandidatane bør deretter gå over til utmålingsspørsmålet. Utgangspunket er at Peder Ås skal ha dekka sitt økonomiske tap som fylgje av kontraktstbrotet, jfr. kjl § 67 (1). Peder Ås skal bli stilt som om han hadde fått riktig oppfylling dvs. erstatning for den positive kontraktsinteressa.

Da det er kontrollansvaret som er ansvarsgrunnlaget, får Peder Ås ikkje erstatning for det "indirekte tapet" , kjl § 40 (2) jfr § 67 (2).

Kandidatane bør gå inn og vurdere den enkelte tapspost som Peder Ås krev erstatta.

1. 20000 i reparasjonsomkostningar. Dette er eit direkte tap som han kan krevje erstatta.

2. 10000 i transportomkostningar. Peder Ås skal bli stilt økonomisk som om kjøpet var riktig oppfylt. Dersom Peder Ås ikkje får heve kjøpet, vil transportomkostningane vere ein utgiftspost som han ville ha hatt sjølv om kjøpet vart riktig oppfylt. Under forutsetning av at han hever kjøpet, har han krav på erstatning for transportomkostningane.

Under eksamen kom det spørsmål om transportkostnadene gjaldt transport av varer eller av pakkemaskina. Det går ikkje fram av faktum kva transportkostnadene gjaldt. Flesteparten av kandidatane oppfattar transportkostnadene som kostnader ved transport av pakkemaskina. At enkelte knyttar transportkostnadene til transport av varer, må aksepterast.

3. 100000 som han hadde betalt til butikkar som hadde fått feilvarer. Ein del kandidatar ser dette som tapt forteneste og går inn på kjl § 67 (2) c. At Ås må betale attende kjøpesummen til sine kontraktspartar, medfører ikkje berre tap av forteneste. Kjøpesummen inneheld i tillegg til forteneste også bl.a. produksjonskostander. Maten er øydelagd som fylgje av utette pakker slik at produksjonskostnadene vil vere tap for Ås når han må betale attende kjøpesummen. Skadar på produkt er direkte tap jfr. punkt. 4. Når det gjeld fortenestetapet er dette indirekte tap dersom kjøparen utan "rimelig grunn lar være å foreta dekningskjøp eller treffe andre tiltak for å unngå eller minske tapet", jfr. kjl § 67 (2)c. Det er ikkje tilfellet her, slik at fortenestetapet ikkje er eit indirekte tap.

4. 30000 kroner for mat som var øydelagt på hans eige lager etter pakkinga. Etter kjl § 67 (2) d blir ikkje skadar på gjenstander som salsgjenstanden "brukes til framstilling av" rekna som indirekte tap. Skade på produktet - maten - er derfor eit direkte tap.

5. 500000 i tapt forteneste. Tapt forteneste som følge av driftsavbrot er indirekte tap etter kjl § 67(2)a. Dette kan ikkje Ås få erstatning for.

Ein del kandidatar bommar på spøramåla om tapet er direkte eller indirekte. Erstatningsutmålingsspørsmåla burde ikkje valde kandidatane problem. Dersom kandidatane tek seg tid til å lese lovteksten, bør dei vere i stand til å plassere tapsposten i riktig kategori.

Utmålingsspørsmåla er behandla i Krüger Kjøpsrett s. 501 flg.

Tvisten mellom Maskinfabrikken A/S og Peder Ås.

Peder Ås gjorde dei same krava - med unntak for dei 20000 kronene for reparasjonen -gjeldande ovanfor Maskinfabrikken A/S. Kandidatane bør sjå at det ikkje er noko kontrakstforhold mellom Ås og Maskinfabrikken. Eit eventuelt kontraktsrettsleg krav må byggjast på direktekravsregelen i kjl § 84.

Maskinfabrikken innvender at det var for seint å gjere krav gjeldande mot fabrikken. Etter kjl § 85(1) må den som fremmar direktekrav fremme kravet innan "rimelig tid etter at han oppdaget eller burde oppdaget" mangelen og seinast innan dei reklamasjonsfristane som gjeld mellom forgjengaren og det tidlegare salsleddet. Peder Ås har halde seg innanfor desse fristane.

Ein del kandidatar drøftar om Ås eller Vill Mat burde ha oppdaga mangelen tidlegare. Etter kjl § 31 har kjøparen plikt til å undersøke kjøpsgjenstanden etter levering "slik god skikk tilsier". Etter mitt syn er det ikkje haldepunkt for at Vill Mat og Ås burde ha undersøkt maskina og oppdaga mangelen på eit tidlegare tidspunkt. Oppgåva inneheld ikkje opplysningar om kva undersøkning som er "god skikk" ved kjøp av pakkemaskinar. Kandidatar som ikkje drøftar problemstillinga bør ikkje trekkjast for det.

Maskinfabrikken gjer også gjeldande at erstatningskrava fra Peder Ås ikkje svarte til krav som Vill Mat hadde mot fabrikken. Etter kjl § 84(1) kan Peder Ås gjere gjeldande krav "for så vidt tilsvarende krav på grunn av mangelen kan gjøres gjeldende av selgeren". Problemet er om Vill Mat kunne gjort gjeldande Peder Ås sine krav. Vill Mat har ikkje lide noko økonomisk tap før firmaet har betalt erstatning til Peder Ås. Vill Mat som seljar kan derfor ikkje gjere gjeldande mot Maskinfabrikken dei erstatningskrava som Ås fremmar. Kjl § 84(1) bygger på synspunktet at Peder Ås kan gjere gjeldande Vill Mat sine erstatningskrav. Den vanlege oppfatninga er likevel at seljaren ikkje treng ha lide eit økonomisk tap på det tidspunktet direktekravet blir gjort gjeldande.. Det er nok at det foreligg eit ansvarsgrunnlag. Kjl § 84 ville elles få eit for snevert bruksområde. Spørsmålet er drøfta av Stephan Jervell i TfR 1994 s. 907 på s. 992.

Problemstillinga synest å vere vanskeleg for dei fleste kandidatane. Svært mange ser ikkje at Vill Mat ikkje har lide dei same tapa som Ås. Av dei som har sett problemstillinga er det eit par kandidatar som får til ei fornuftig drøfting. Det bør her ikkje stillast strenge krav til innhaldet i drøftinga. Kandidatar som er i stand til å stille opp den riktige problemstillinga, men utan å få til ei skikkeleg drøfting, bør likevel få bra uttelling.

Spørsmålet om direktekrav er behandla i Krüger Kjøpsrett s. 485 flg. Reklamasjonsproblemstillinga er omtalt på s. 570 flg.

Læringskravet er kjennskap til reglane om direktekrav. Når det gjeld dei andre kontraktsrettslege spørsmåla, er læringskravet grundig kjennskap. Det blir vidare krevd grundig kjennskap til reglane om dividendekrav.

Del 3.

Del 3 reiser spørsmål innan dynamisk tingsrett og panterett.

Tvisten mellom Peder Ås og konkursbuet.

Buet krev leige frå buopninga og ut juli 2001. Peder Ås har betalt leige til Huset A/S for denne perioden, og hevdar at buet har plikt til å respektere forskotsbetalinga.

Buet har plikt til å respektere leigeavtalen etter tingl § 22 nr. 3. Etter tingl § 22 nr. 3 må buet respektere Ås sin "bruksrett". Problemet er om det at buet har plikt til å respektere leigeretten, også medfører at buet må respektere innhaldet i leigeretten og dermed også forskotsbetalinga. Ein kan argumentere med at Peder Ås gjennom å betale på forskot har ytt Huset A/S kreditt. Utgangspunktet er at den som har ytt kreditt utan å sikre seg panterett, berre får eit dividendekrav i konkurs. Peder Ås bør ikkje stillast betre enn andre usikra kreditorar i konkurs. Omsynet til notoritet taler også for at buet ikkje treng respektere forskotsbetalinga.

På den andre sida ville leigetakar få dårleg vern etter tingl § 22 nr. 3 dersom buet ikkje var pliktig til å respektere leigevilkåra i leigeavtalen. Leigetakar ville da måtte krevje pantesikkerhet for forskotsbetalt leige. Det ville bli tungvint å måtte tinglyse panterett i alle tilfella der leiga var forskotsbetalt. I tillegg gjeld det berre leige for oppseiingsperioden, slik at det ikkje er nokon stor fare med tanke på kreditorsvik.

Eg er i tvil om kva løysinga bør vere. Eg er likevel komen til at tingl § 22 nr. 3 gjev rettsvern for forskotsbetalt leige i oppseiingstida.

Mange kandidatar drøftar om leigeretten har vern etter tingl § 22 nr. 3 sidan leigeretten var var uoppseieleg for fem år. At den som har ein langvarig leigerett kan påberope seg det minimumsvernet som tingl § 22 nr. 3 gjev, er sikker rett jfr. Rt 1984 s. 1495 og Rt 1992 s. 523. Ein stor del av kandidatane drøftar berre om leigeretten har vern, ikkje om leigebetalinga har vern. Det er ikkje strid om at leigeretten har vern etter tingl § 22 nr. 3. Det som er omtvista er om forskotsbetalinga har rettsvern.

Det er svært få som ser at problemet er om forskotsbetlinga også har rettsvern etter tingl § 22 nr. 3. Kandidatar som ser problemstillinga bør få bra uttelling for det. Den svært gode kandidat er i stand til å drøfte spørsmålet.

Dette spørsmålet er så vidt eg kan sjå ikkje omtalt i teorien. Spørsmålet stiller krav til at kandidaten tenkjer sjølvstendig. Tingl § 22 nr. 3 er behandla i Lilleholt Godtruerverv og kreditorvern 1999 s. 45-46.

Peder Ås hevdar han er blitt eigar av trucken og at buet derfor ikkje kan ta beslag i han.

Buet kan ta beslag i formuesgode som tilhøyrer skyldnaren på beslagstidspunktet, jfr. deknl § 2-2. Det første spørsmålet er om Ås har ekstingvert Huset A/S sin rett til trucken slik at trucken ikkje tilhøyrer Huset A/S på beslagstidspunktet. Rettsleg grunnlag er ekstl § 1. Det som kan drøftast her er om Peder Ås har fått tingen "overlevert til seg". Da trucken er på eigedomen som Peder Ås tiltrer, må dette vilkåret vere oppfylt.

Kandidatane bør drøfte om Peder Ås er i aktsam god tru, ekstl jfr § 1 nr. 2. Trucken stod på ein eigedom som avhendar hadde leigd. Det kunne da ikkje vere usannsynleg at trucken på eigedomen tilhøyrde utleigaren. Ås sende ei liste til Huset A/S over dei gjenstandane han tok over etter den forrige leigaren, der det framgjekk at han tok over trucken. Dette må vere tilstrekkeleg til å oppfylle undersøkingsplikta. At Huset A/S ikkje las gjennom lista må vere Huset A/S sin risiko. Etter mitt syn er derfor Peder Ås i god tru.

Da Peder Ås har ekstingvert Huset A/S sin eigedomsrett til trucken, kan buet ikkje ta beslag i han. Peder Ås har fått trucken overlevert og har dermed rettsvern mot beslag.

Inntrykket mitt er at kandidatane behandlar godtruervervsspørsmålet bra. Oppgåva reiser sentrale spørsmål innan den dynamiske tingsretten slik at det bør her forventast ein del av kandidatane.

Spørsmålet om godtruerverv er behandla i Lilleholt Godtruerverv og kreditorvern s. 63-69 og s. 148-154.

Tvisten mellom Peder Ås og panthavaren.

Panthavaren meinte at Peder Ås måtte respektere panteretten i trucken.

Panthavaren har pant i trucken etter pl § 3-8. Trucken fell inn under uttrykket "motorvogner" i pl § 3-8 (1). Det er ikkje noko vilkår at motorvoga er registert i Motorvognregisteret.

Problemet er om Peder Ås har ekstingvert panthavaren sin rett etter godtruervervslova. Her bør kandidatane få fram at tinglysing i løsøreregisteret ikkje gjev rettsvern mot tap av panteretten gjennom godtruerverv, jfr pl § 1-2 (4). Spørsmålet er Peder Ås har ekstingvert panteretten etter godtruervervslova . Ved ekstinksjon etter godtruervervslova fell også panteretten bort jfr. ekstl § 1 nr. 3. Ås må også vere i aktsam god tru med omsyn til panteretten. Det er vanleg at næringsdrivande har pant i driftstilhøyrsle, noko som gjev oppfordring til å undersøke løsøreregisteret. Men ei undersøking av registeret ville ikkje ha ført fram, da trucken ikkje var registert i Motorvognregisteret. Å undersøke rette eigar sitt blad i løsøreregisteret, ville heller ikkje ført fram da Ås ikkje kjente til at Huset A/S var eigar av trucken. Ein del kandidatar drøftar om ein likevel bør krevje undersøking i løsøreregisteret trass i at slik undersøking ikkje ville fråteke Ås hans gode tru. Den vanlege oppfatninga i dag er at det ikkje blir krev undersøkning der undersøkninga ikkje ville ført fram, jfr. Lilleholt Godtruerverv og kreditorvern s. 149.

Peder Ås har ekstingvert panteretten.

Spørsmålet om underpant i motorvogner er behandla i tilrådd litteratur i Sjur Brækhus Omsetning og Kreditt 2 2.utg 1994 s. 68 flg. Spørsmålet er også omtalt i tilleggslitteraturen i Jens Edvin A. Skoghøy Panteloven med kommentarer 1995 s. 267-278.

Læringskravet når det gjeld dei spørsmåla som er reist i del 3 er grundig kjennskap.

Om vurdering av besvarelsane.

Som vanleg er det det vanskeleg å gje presise retningsliner for korleis kandidatane skal plasserast på karakterskalaen.

Vanlegvis skal det mykje til for å stryke på ei praktikumsoppgåve. I dei fleste oppgåvesvara er kandidaten i stand til å bruke relevante rettsreglar på delar av faktum. Kandidatar som gjennom oppgåvesvaret viser at dei ikkje har grunnleggjande kunnskap innan kjøpsrett og dynamisk tingsrett, bør stryke. Det er imidlertid sjeldan at kandidaten fullstendig manglar kunnskap om kjøpsrett og dynamisk tingsrett. Av dei om lag 45 oppgåvene som eg til no har retta, har det vore det to slike tilfelle. Gjentekne grove svikt i juridisk forståing eller metode i kombinasjon med overflatisk stil, fører lett ein kandidat i faresonen for strykkarakter.

For å få laud må kandidaten vise at han har forstått det grunnleggjande innhaldet i dei rettsreglane som er relevante for oppgåva. Dersom kandidaten finn dei relevante rettsreglane og strukturerer oppgåva bra, bør han kunne oppnå laud trass i at enkelte drøftingar er tynne. Det bør ikkje krevjast stor djubdekunnskap for å oppnå laud. Enkelte feil og svake delar i oppgåvesvaret bør ikkje hindre ein laudabel karakter. Det må likevel understrekast at karaktersettinga avhengar av ei heilskapsvurdering og at det er umogeleg å gje noko klart svar på kva som skal vere med for å oppnå laud.

Sensorane bør leggje vekt på om kandidaten er i stand til å finne fram til sentrale delar av faktum i oppgåva og bruke opplysningane i den rettslege drøftinga. Det bør også leggjast vekt på kandidaten si evne til å strukturere dei rettslege argumenta slik at konklusjonen kjem naturleg. Kandidatar som uttrykker seg presist og som har ein god struktur på oppgåvesvaret bør få bra uttelling for det.

Kva som skal til for å få ein god karakter, må vurderast ut frå i kva grad kandidaten har dei nemnde kvalitetane. Den gode kandidat meistarar gjerne dei vanskelegare problemstillingane i som oppgåva reiser. Eg er overraska over at det ikkje er fleire som hevdar seg i toppen av karakterskalaen. Til no har eg ikkje gjeve betre enn 2,60.

Dei tilfella som ofte valdar problem, er der kandidaten behaldlar nokre problemstillingar godt, medan andre problemstillingar er mindre godt eller dårleg behandla. Når det gjeld forholdet mellom dei ulike delane i oppgåvesvaret, bør del 1 telje ¼, del 2 ½ og del 3 ¼ .

Bergen 19.05.01.

Endre Nåmdal