UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 4. studieår : JUS241

 

Det juridiske fakultet

Eksamen i strafferett

4. studieår, JUS 241 - våren 2007

 

Oppgaven er tilgjengelig på bokmål og nynorsk

 

Bokmål:

 


 

Nynorsk:

I

 

I Lillevik bur Arvid Oscha, sjølvutnemnd stormeister i Ludo og vinningskriminalitet. Den 1. september 2006 vart han sett fri på prøve etter å ha sona siste dom på eitt års fengsel  for ei rad grove tjuveri.  Nokre dagar etter frigjevinga reiste Arvid på besøk til barndomskameraten Lars Anders Eriksen. Lars hadde ringt tidlegare på dagen og sagt at Arvid måtte komma straks, for han trong hjelp til ”noko”. Medan Arvid hadde prøvt lykka innan vinningskriminalitet, hadde Lars halde seg til bruk og sal av narkotika, men i avgrensa omfang. Før Arvid reiste til Lars denne dagen, tenkte han derfor at Lars sin beskjed kunne ha noko med narkotika å gjera.  Sjølv hadde Arvid alltid vore totalt avhaldande og sagt nei til å ha noko som helst med narkotika å gjera.  Han valde likevel å reisa til Lars for å sjå om det var noko han kunne hjelpa til med.

 

Då  Arvid  kom inn i husveret til Lars, såg han at Lars hadde ein pakke kvitt pulver på stovebordet. Han vog litt og litt på ei digital vekt, før han pakka det i små posar.  Lars sa at han hadde fått tak i 100 gram amfetamin, og spurde om Arvid ville vera med på å tena litt pengar. Arvid tenkte at han ikkje kunne ta sjansen på noko slikt no, då han var ute på prøve, derfor riste han på hovudet. Lars og Arvid vart sitjande og prata om gamle dagar, medan Lars heldt fram med å vega og pakka.

 

Etter ei stund gjekk Arvid på kjøkkenet for å ta seg eit glas vatn. Medan han var der, høyrde han at ytterdøra vart sparka opp og fleire personar storma inn. Arvid kikka inn i stova og såg då at Lars raska saman alt som låg på bordet og sprang mot Arvid, velte alt over i hendene hans og ropte: ”Dassen!”   I rein forfjamsing tok Arvid i mot det Lars gav han, sprang ut på toalettet, tømde det i skåla og trekte ned.

 

I avhøyret seinare tilstod Lars å ha tileigna seg og oppbevart 100 gram amfetamin. Arvid nekta straffeskuld.

 

Spørsmål 1: Kan Arvid dømmast for å ha brote straffelova § 162 (1)?

 

                                                                       II

 

Arvid vart dømd i tingretten og anken hans til lagmannsretten vart ikkje fremja med den grunngjevinga at det var heilt klart at anken ikkje kunne føra fram. I dommen frå tingretten vart Arvid i tillegg dømd til å tola inndraging av 20 000 kr som han hadde i sokken då han vart gripen. Tingretten meinte at pengane kom frå narkotikahandel, og feste ikkje lit til Arvid si forklaring om at dei var ei gåve frå bestemor hans.

Då det var stor mangel på fengselplassar, ville det ta lang tid før Arvid kunne sona dommen, og i mellomtida trong han pengar.

 

Arvid kom til at eit raid hos dei næringsdrivande i Lillevik kunne vera ei løysing. Derfor gjekk han systematisk innom den eine daglegvarebutikken etter den andre og tok med seg små, lette og dyre ting som barberblad og batteri. Frå kvar butikk tok han varer for om lag 500 kroner.  Han hadde alt skaffa seg ein avtale med ein person som heitte Radovan, som skulle vidareselja varene for 25% av utsalsprisen.

 

Den siste butikken Arvid skulle besøkja denne dagen, var Rema 1000 i Storgata. Inne i butikken gjekk han rundt ei stund for å få oversyn over dei tilsette. Så tok han peiling på hylla med barberblad.  Frå hylla tok han 6 pakkar med ”Gilette Turbo  X9 Beckham Perfect Woman  Vibe” og la dei i ytterlomma på jakka.  Då han snudde seg for å spasera ut, stod det ei tryggingsvakt klar med den store, svarte lommelykta si og bad han bli med inn på bakrommet. Der skreiv Arvid under på ei ”kortanmeldelse”, der han vedgjekk det som faktisk hadde hendt.

 

I ettertid fekk politiet tak i bilete frå overvakingskamera i 15 ulike butikkar i Lillevik. Dei viste alle at Arvid gjekk inn i butikkane, tok ting frå hyllene og gjekk utan å betala.

 

Politiadvokat Flittig tok ut tiltale for eitt grovt tjuveri, subsidiært 16 simple tjuveri. Under hovudforhandlinga erkjende  Arvid straffeskuld for dei 15 første tilhøva, men hevda at det berre var snakk om naskeri.  For det siste tilfellet meinte han at han måtte frifinnast.  Vidare stod Arvid på, at det ikkje på nokon måte var høve til å dømma han for grovt tjuveri.

 

Sprøsmål 2:  Kva kan Arvid dømmast for?

 

Arvid si pengekrise vart ikkje betre av at han blei  hekta for ”handleturen ” sin, og no ønskte han å prøva å skaffa seg pengar på ærleg måte. Derfor melde han seg som arbeidssøkjande  altmoglegmann hos NAV.  Alt dagen etter vart han tilsett i entreprenørfirmaet Bygg og Betong som forskalingssnikkar. På byggjeplassen fekk han utdelt ein verktøykoffert med  hammar, sag, skrujarn o.a. Denne leverte han inn att att når arbeidsdagen var slutt.

 

Då han hadde arbeidd for Bygg og Betong i fire veker, hadde han enno ikkje fått lønn. Arbeidsavtalen slo fast at lønna skulle utbetalast på etterskot den 15. i månaden etter. Arvid var svært misnøgd med dette og fann ut at han skulle ha sin rettkomne kompensasjon for det rentetapet han hadde, når lønn som han hadde eit sjølvsagt krav på, vart ståande i opptil 45 dagar på Bygg og Betong sin konto. Derfor sette han seg føre å ta litt verktøy og leggja det ut for sal på finn.no. Det var vanleg at det dagleg vart borte verktøy frå arbeidsplassen, og det vart erstatta utan at dei ansvarlege eller leiinga stilte kritiske spørsmål. På bakgrunn av dette rekna Arvid med at det han gjorde aldri ville bli oppdaga.

 

Arvid gjennomførde planen sin. Men då annonsene hadde lege ute på nettet i to dagar utan at noko var selt, vart han teken av politiet. Bygg og Betong hadde lenge hatt mistankar om at dei tilsette tileigna seg verktøy som dei melde tapt. Derfor hadde dei utstyrt alt med GPS-sendarar.

 

Politiadvokat Flittig tok atter ut tiltale mot Arvid, denne gongen for underslag av verktøy og for forsøk på heleri ved å selja verktøyet vidare. Subsidiært var tiltalen på tjuveri og heleri. Under hovudforhandlinga i tingretten meinte Arvid at fleire av vilkåra i strl. § 255 ikkje var tilstades, og at strl. § 317 ikkje under noko omstende kunne nyttast.

 

Spørsmål 3: Kva kan Arvid dømmast for?

 

III

 

Arvid var dømt endå ein gong, og deretter fekk han beskjed frå Kriminalomsorga om at han no vart prioritert i soningskøen, slik at han snart ville bli innkalla. Då gjekk Arvid til den lokale puben for å sløkkja både tørsten og sorgene sine.  Her trefte han Erlend Hapå som han alltid hadde hatt eit litt dårleg forhold til.  Erlend kom bort til Arvid og sa: ” Huset du og familien din bur i, er så stygt at det er ei skam for heile bygda. Ein vakker dag når de er på reise skal eg brenna ned heile bossdungen.” Dette fekk Arvid til å  tenna på alle pluggar, han vart raud i ansiktet, snakka høgt og veifta med armane. Til slutt bad han Erlend bli med utanfor for å gjera opp ein gong for alle.

 

Medan dei diskuterte høgt og aggressivt gjekk Arvid og Erlend ut og stilte seg opp ved sida av huset, ute av syne frå inngangen og dei andre gjestene.  Etter nokre minuttar med grov munnbruk og trugsmål om mangslag valdsbruk frå begge sider, slo Arvid til Erlend i magen med knyttneven og all si makt. Erlend tok seg til magen, seig saman og vart sitjande på bakken. Medan han hosta og heiv etter pusten, sa han at han var lei seg for alt han hadde sagt og lova høgt og heilagt at han aldri skulle gjera noko av det han hadde truga med. Etter nokre minuttar prøvde Erlend å reisa seg, men foten gleid på ein issvull og han skalla tinninga i bakken. Han fall straks i uvit og vart liggjande med armar og bein rett ut.  Arvid såg at det rann blod ut or øyrene på Erlend. Han vart redd for at han skulle få skulda og sprang sin veg. --Det som skjer, det skjer, tenkte han, men mitt ansvar er det ikkje.

 

To timar seinare fann nokre gjester på puben Erlend liggjande i uvit. Han vart straks ført til sjukehuset, som låg 500 meter borte, men han døydde straks etter at han kom dit. Legane fann at Erlend hadde fått hovudskader. Desse var ikkje særleg farlege i utgangspunktet, men dei var livstrugande utan legehjelp innan ein time.

 

Puben hadde eit overvakingskamera som hadde fanga opp hendinga. Arvid vart sett under tiltale for å ha brote straffelova § 233, subsidiært 228.  Under hovudforhandlinga i tingretten meinte forsvararen at Arvid måtte frifinnast, prinsipalt fordi handlinga var lovleg og straffri då det var ein naudssituasjon, subsidiært fordi

strl § 233 ikkje kunne nyttast her. Arvid måtte då frifinnast for eitkvart brot på § 228, på grunn av omstende som førte til bortfall eller fritak av straff.  Aktor peika subsidiært på at også § 242 og § 387 i straffelova kunne nyttast.  Til dette hevda forsvararen at Arvid heilt opplagt måtte frifinnast for § 242.

 

Spørsmål 4: Kva kan Arvid dømmast for?

 

* * * * * * * * * * * * * * * * * *

Prosessuelle problemstillingar som oppgåva eventuelt aktualiserer bør ikkje drøftast.