UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 4. studieår : JUS243

UNIVERSITETET I BERGEN

Moment til skuleeksamen allmenn formuerett

4. studieår, JUS243 - våren 2005

Oppgåve 1:

Spørsmålet er om Marte må respektere to panterettar til fordel for banken – ein kontraktspanterett og ein utleggspanterett.

Kontraktspanteretten er stifta 10. januar 2005, medan Martes rett etter kjøpsavtalen er stifta 11. januar 2005. Bankens panterett vart tinglyst 17. januar 2005, medan skøyte til Marte vart tinglyst 21. januar 2005. I denne situasjonen har banken vern etter tinglysingslova § 20. At banken kjenner Martes rett, hindrar ikkje vern i og med at bankens rett er den eldste. Det går fram av formuleringa i tinglysingslova § 21 første ledd.

At banken fekk pant for eldre gjeld, har ikkje noko å seie i denne samanhengen; omstøyting er ikkje tema.

Utlegget for bankens krav er stifta den 18. januar 2005 og er altså yngre enn Martes rett etter kontrakten. Utlegget vart tinglyst same dag som skøytet, 21. januar 2005. Det følgjer av tinglysingslova § 20 andre ledd at utlegget da går først. At banken kjende til Martes eldre rett, har ikkje noko å seie her. Tinglysingslova § 21 første ledd gjeld berre der det yngre ervervet er omsetningserverv.

Oppgåva er enkel og krev lite drøfting. Problemet ligg i å sortere problema og å plassere erverva i høve til kvarandre både med omsyn til kva som er stifta først, og kva som er tinglyst først. På det viset får vi prøvt om studentane meistrar dei grunnleggjande reglane om godtruerverv og kreditorekstinksjon.

Dei som raskt ser problemstillingane i oppgåve 1, kan bruke tida til å skrive meir utførleg under oppgåve 2. På den andre sida vil dei som strevar med dei grunnleggjande problemstillingane i oppgåve 1, måtte nøye seg med å skrive meir oversiktleg under oppgåve 2. Det er derfor ikkje meininga at det skal vera ei fastsett fordeling av vekt eller tidsbruk mellom dei to oppgåvene, og sensuren må byggje på ei heilskapleg vurdering av oppgåvesvaret.

Oppgåve 2:

Oppgåveteksten: Gjer greie for dei viktigaste skilnadene mellom reglar om omstøyting på objektivt grunnlag og reglar om omstøyting på subjektivt grunnlag.

Pensumdekninga er i første rekkje Mads H. Andenæs: Konkurs (Oslo 1999) s. 217–221, men temaet kjem opp fleire stader i omtalen av omstøytingsreglane. Dessutan er skilnaden mellom objektive og subjektive reglar omtala i undervisninga, mellom anna i oppsummeringsførelesingane.

Kandidatane bør frå fram at ”subjektiv” viser til det den andre parten visste eller burde vita. Den vidare framstillinga kan variere; vi kan ikkje krevje noko standardsvar, og vektlegging kan skifte.

Ein måte kan vera å ta utgangspunkt i dekningslova § 5‑9 og peike på at føresegna stiller opp objektive og subjektive vilkår: Dei objektive vilkåra er at det må gjelde ein disposisjon som er kreditorskadeleg (ved at disposisjonen inneber tilgodesjåing av ein kreditor framfor dei andre, eller ved at disposisjonen reduserer dekninga ved auke av passiva, reduksjon av passiva eller begge delar) og utilbørleg, og at debitors økonomi var svak eller vart alvorleg svekt ved disposisjonen. Det subjektive vilkåret er at den andre parten kjende eller burde kjenne til debitors vanskeleg økonomiske stilling og dei omstenda som gjorde disposisjonen utilbørleg.

Dei objektive reglane inneber ei forenkling, eller standardisering, ved at visse disposisjonar blir rekna som kreditorskadelege og utilbørlege dersom dei er gjorde innafor visse fristar før konkursen. Stort sett treng ein ikkje avgjera om disposisjonen i det einskilde tilfellet gjekk ut over kreditorfellesskapen eller var utilbørleg (men ei nærare vurdering kjem somtid inn i utforminga av reglane, som i ordinærreservasjonen i § 5‑5). Debitors økonomi er ikkje tema her, og dermed blir det heller ikkje spørsmål om kunnskap om debitors økonomi. Derimot må ein nok krevje at den andre parten kunne sjå kva slags transaksjon det var tale om, til dømes at det var tale om ei gåve. Heilt utan subjektive moment er reglane med andre ord ikkje.

Objektive reglar med høve til å føre prov for solvens bør også omtalast.

Alt etter kor langt tida strekk til, kan kandidatane illustrere framstillinga med å gå gjennom reglar. Men ei rein gjennomgåing av reglane utan ei framheving av viktige skilnader mellom dei to hovudgruppene, er ikkje noko godt svar.

Det må takast omsyn til at studentane berre har fire timar til disposisjon. Sjølv om det kan svarast kort på begge oppgåvene, tek det litt tid å tydde i problema, og vi kan ikkje vente at kandidatane skal skrive utførleg om oppgåve 2, heller ikkje om oppgåve 1 til sjuande sist blir berre kort. I nokre tilfelle kan det at oppgåve 1 er kort, nettopp vera eit teikn på at studenten har teke seg til å tenkje gjennom problema og skrelle vekk det unødvendige.