UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 4. studieår : JUS243

UiB/Detjuridiske fakultet

Moment til heimeeksamen allmenn formuerett

4. studieår, JUS243 - våren 2005

 

Spørsmål 1:

 

Her skal studentane ta standpunkt til om kommunen som byggherre har separatistrett til materialar som finst på byggjeplassen når entreprenøren Marte Kirkerud går konkurs. Nokre av materialane er omfatta av betalte avdrag, andre ikkje.

Dei fleste kandidatane tek utgangspunkt i avtalen, og det er greitt: Etter avtalen vart byggherren eigar av materialar som var tilførte byggjeplassen for å byggjast inn, og som var betalte. For dei materialane som ikkje er betalte, gjev ikkje avtalen byggherren nokon rett.

 

Kandidatane bør få plassert dette som eit rettsvernspørsmål. For del materialane som er betalte, bør dei sjå at entrepriseavtalane er spesielle med tanke på eit overleveringskriterium: Materialane er på byggherrens eigedom, men det er i praksis framleis entreprenøren som har kontrollen over dei. I Rt. 1990.59 er det uttala prinsipielt, rett nok obiter, at byggherren bør reknast som eigar - også utan avtale med reine ord - til materialar på byggjeplassen som er omfatta av betalte avdrag. Meininga har tydeleg vore å uttala seg også om vernet mot entreprenørens kreditorar, enda saka galdt godtruerverv i høve til materialleverandør. I teorien har det lenge vore teke til orde for at byggherren har vern i denne situasjonen. I kurslitteraturen - Andenæs: Konkurs s. 183 - er det tilvisingar både til Rt. 1990.59 og til annan litteratur

Det bør godtakast at kandidatane nøyer seg med å konstatere at kommunen etter avtalen ikkje har nokon rett til dei materialane som ikkje er betalte. Noko spørsmål om å få materialane leverte mot betaling, oppstår strengt teke ikkje, for det er ikkje vist til nokon avtale om ein slik rett. Det bør likevel godtakast at kandidatane går inn på dette spørsmålet. Somme kjenner også dei vanlege avtaleklausulane om at byggherren kan krevje materialane mot rimeleg godtgjersle. Ser ein det slik at materialane er leverte, kan det bli tale om hevingsrett for buet. I og med at kommunen nok er solvent, blir det strengt teke eit spørsmål om i kva grad kommunen kan møte vederlagskravet med motkrav, men det spørsmålet er det få som har sett, rimeleg nok. Nokre har også vore inne på at avtalen på dette punktet kan oppfattast som eit eigedomsatterhald (salspant) frå entreprenøren, og det er også ein interessant tanke.

 

Spørsmål 2:

 

Her er spørsmålet om Bygglageret, som har fått transport på delar av vederlagskravet mot kommunen (byggherren) får rett framfor Forretningsbanken som faktoringpanthavar. Dei fleste finn fram til pantelova § 4-10 andre ledd og ser at det er eit spørsmål om godtruerverv. Mange kjenner Elkem-dommen (Rt. 1992.492), og det er sjølvsagt fint. I all hovudsak blir det eit spørsmål om kva krav som kan stillast til ein næringsdrivande cesjonar med tanke på undersøking i Lausøyreregisteret.

Ei motsegn om at Lausøyreregisteret ikkje ville ha gjeve opplysningar om at pantsetjaren ikkje kunne avhende krav, har skapt uventa vanskar for mange kandidatar. Utgangspunktet etter pantelova § 4-6 er at panthavaren tek over kreditorposisjonen, og sjølv ved avtalar om at pantsetjaren inntil vidare kan ta imot betaling, er det ikkje vanleg å gje pantsetjaren nokon rett til å avhende krav. Motsegna kan med andre ord vanskeleg føre fram.

 

Spørsmål 3:

 

Her er spørsmålet om kommunen som byggherre kan motrekne mot bankens krav på vederlag etter entreprisekontrakten, eit krav som banken har faktoringpant i. Kommunens motkrav er eit skadebotkrav på grunn av entreprenørens konkurs der buet ikkje vil gå inn i avtalen.

Spørsmålet krev innsikt i pengekravsretten. Samtidig illustrerer spørsmålet viktige sider ved enkle krav som pantobjekt, og motrekning er omtala i panterettsboka.

Dei fleste kjenner Factoring Finans-dommen (Rt. 1992.505). Det gjev god hjelp både i høve til gjeldsbrevlova § 26 og regelen om utvida motrekningsrett for konnekse krav.

Strengt teke er det nok å svara ut frå regelen om utvida motrekningsrett for konnekse krav. Det er ikkje tvilsamt at eit skadebotkrav og eit vederlagskrav som byggjer på same kontrakt, er konnekse (tvilen i Rt. 1992.505 galdt mangelskrav frå ein annan kontrakt mellom dei same partane; motrekning med krav frå same kontrakt var ikkje omstridd). Her er det mange som bommar, utan at det bør vera noko hovudpoeng når motrekning ikkje er eit hovudtema i kurset.

Dersom kandidaten også vil undersøkje vilkåra i gjeldsbrevlova § 26, og det er det mest elegante, er det eit poeng at Høgsterett i Rt. 1992.505 - obiter - uttala at mishaldskravet oppstod ved mishaldet. Det vil nok her innebera at kommunens skadebotkrav oppstod ved konkursopninga. Det neste spørsmålet blir da på kva tidspunkt kommunen fekk vita om avhendinga (faktoringavtalen) eller "fekk nokon tanke om henne". Oppfatninga er at kunnskap om faktoringavtalen er nok; det trengst ikkje i tillegg kunnskap om at panthavaren har teke over kreditorposisjonen. Dei fleste får fram at det her ikkje kan stillast noko krav om aktiv undersøking frå kommunen. Nokre meiner at kommunen fekk vita om faktoringavtalen ved sjølve konkursopninga, og at kommunen dermed ikkje vart eigar av motkravet "før" dei fekk kunnskap om avhendinga. Dette kan sjølvsagt diskuterast, men helst må ein vel seie at kommunen i ein slik situasjon normalt får kunnskapen etter at motkravet er oppstått.

Somme viser til at HØgsteretts utsegn om når mishaldskrav oppstår, ikkje er uomstridd. Det er fint. Skal ein gå inn på den drøftinga, tilseier vel opplysningane at faktoringavtalen likevel er eldre ("fleire år tidlegare").

Dersom kandidaten tek opp gjeldsbrevlova § 26, bør den drøftinga koma først. Det ser litt rart ut med subsidiær drøfting under ein føresetnad av at krava ikkje er konnekse. Det er så opplagt at dei er det.

Somme har gått inn på frigjeringstida for hovudkravet, Sjølv om ein skulle meine at fakturaene ikkje kan betalast før forfall, er det eit heilt forbigåande problem.

 

Spørsmål 4:

 

Her er spørsmålet om kommunen kan motrekne overfor Bygglageret, som har fått transport på delar av vederlaget etter entrepriseavtalen.

Drøftinga etter gjeldsbrevlova § 26 vil her gje andre nyansar: Kommunen hadde fått melding om transporten, og dersom motkravet oppstår først ved konkursopninga, kan ikkje kommunen motrekne etter gjeldsbrevlova § 26.

Derimot er krava også her klårt nok konnekse, og dermed kan motrekning likevel skje.

 

Det har forvirra somme at dei to spørsmåla er så like. I ettertid kunne ein ønskje at dei hadde vore formulerte som to underspørsmål til eitt hovudspørsmål. Kandidatane vil gjeme tru at alle spørsmåla er nokolunde like i omfang, og det kan ein ha forståing for.

Vi bør ikkje trekkje så mykje om kandidatane går seg bort i dei meir spesielle pengekravsrettslege detaljane. Det står i planen for mastergradsstudiet: "Ved prøvingen kan studentene også gis oppgaver som forutsetter kunnskap fra tidligere kurs i utdanningsplanen." Samanhengen mellom pengekravsrett og allmenn formuerett er eit god eksempel på at ein må ta med seg kunnskapar vidare for å kunne forstå seinare emne. I eitt tilfelle har ein kandidat opplyst at han ikkje har hatt pengekravsrett enno. Det må byggje på ein individuell utdanningsplan, og det får vi ta omsyn til, sjølv om det vil vera nødvendig også for slike kandidatar å lesa seg opp til eit visst minimum av forståing av viktige samanhengar.

 

Spørsmål 5:

 

Her er det spørsmål om omstøyting av transporten frå entreprenøren til Bygglageret av krav etter to fakturaer. Tanken var at omstøyting av betaling ved uvanleg betalingsmiddel (dekningslova § 5-5) skulle stå sentralt. Det er opplyst at partane var samde om at Bygglageret ikkje kjende den vanskelege økonomiske situasjonen for entreprenøren. Før innlevering vart det også presisert at ein kunne byggje på at Bygglageret heller ikkje hadde vore aktlause i så måte. Det er fullt godtakande at kandidatane drøftar subjektiv omstøyting også. Vidare er det somme som drøftar omstøyting på det grunnlaget at betalinga alvorleg svekte skyldnarens betalingsevne. Dette er også fullt forsvarleg, men opplysningane er nokså ufullstendige med tanke på ei slik drøfting.

Dei beste drøftingane av uvanleg betalingsmiddel kjem frå kandidatar som har sett nærare på premissane i Kikut-dommen (Rt. 1974.631). Elles er det ikkje lett å finne så mange gode moment til drøftinga.

 

Omstøytingsdrøftinga er den som har falle lettast for kandidatane, ser det ut til.