UiB : Juridisk Fakultet : Studier : eksamen : oppgaver 4. avdeling
Oppgaven er tilgjengelig på bokmål og nynorsk.
Bygningen "Sparekassen" hadde heilt frå 1782 husa filialen til sparebanken i bydelen Briskebyen i Lillevik. Heilt fram til slutten av 1950-talet var bygningen godt vedlikehalden. Den gamle stilen var bra teken vare på både innvendig og utvendig. I fleire av romma var det vakre vegg- og takmåleri, og unike ornament heilt frå tidleg på 1800-talet. Frå 1990 hadde bygningen stort sett vore nytta til utleige som selskaps- og møtelokale.
Sparebanken Lillevik vart hausten 1999 samlokalisert med Gjensidige forsikring. Banken selde difor eigedommen med den gamle ærverdige ein-etasjes bygningen til Byutviklargruppa ANS, Lillevik.
Byutviklargruppa ANS har tre lokale aktørar i eigedomsbransjen i Lillevik som deltakarar. Entreprenør Lars Holm var ein av desse, og han var dagleg leiar. Byutviklargruppa ANS var primært interessert i tomta for å kunne føre opp forretningsbygg, og søkte i byrjinga av februar 2000 Lillevik kommune, plan- og bygningsetaten, om samtykke til riving av bygningen. Bygningen hadde dei siste åra gitt minimal avkasting, men tomta utan bygningar vart rekna for å vere svært attraktiv og verdfull i utbyggingssamanheng. I søknaden viste Byutviklargruppa ANS til at tomta - saman med dei omkringliggjande tomtene - var regulert til forretning/kontor, jf. plan- og bygningslova § 25 nr. 1. Dei meinte at heile strøket no burde utviklast vidare. Det vart vidare opplyst at søkjaren ønskte å føre opp ein døgnopen storkiosk på tomta. Teknisk hovudutval i Lillevik kommune gjorde den 10. mars 2000 dette vedtaket:
"Søknaden om riving av bygget "Sparekassen" vert avslått på grunn av dei antikvariske verdiane som knyter seg til bygget. Byutviklargruppa ANS har elles så langt ikkje hatt nokon ønskjeleg forretningsprofil når det gjeld å ta vare på trivelege og estetiske bymiljø i Lillevik. Ein storkiosk, med omfattande opningstider, vil dessutan vere til stor sjenanse for naboane. Tomta bør nyttast til andre føremål til beste for byen, og det bør ikkje skje noko vesentleg med dette området før kommunen har avgjort kva som skal setjast i gang på si eiga tomt som ligg rett over gata. Ein viser til plan- og bygningslova § 93, jf. § 91."
Allereie måndag den 13. mars 2000 klaga Byutviklargruppa ANS avslaget inn for fylkesmannen. I klagen gjorde den gjeldande at det ikkje var materiell heimel i plan- og bygningslova § 93 for å avslå rivingssøknaden. Å ivareta antikvariske verdiar høyrer dessutan under kulturstyremaktene, og ikkje under bygningsstyremaktene. Byutviklargruppa ANS gjorde vidare gjeldande at bygningsstyremaktene ved handsaminga av rivingssøknaden ikkje hadde høve til å leggje vekt på kva som eventuelt seinare skulle oppførast på tomta. Det måtte i tilfelle utsetjast til ein eventuell framtidig byggjesøknad. Opningstider var i alle fall irrelevant etter bygningslovgjevinga, sidan det vert regulert heilt ut av opningstidslovgjevinga. Klart utanforliggjande måtte det også vere å leggje vekt på kva Byutviklargruppa ANS tidlegare hadde gjort med andre bygg i byen, og å leggje vekt på at kommunen kunne tenkje seg å nytte den aktuelle tomta til noko anna i framtida. Dersom kommunen ville bandleggje tomta til bestemte føremål, måtte den nytte heimelen i plan- og bygningslova § 33. Likeins meinte klagaren at det var usakleg å ta omsyn til kommunale eigarinteresser i omkringliggjande areal. Når kommunen, slik klagaren såg det, mangla avslagsheimel, måtte utbyggjaren ha rettskrav på å få rive.
Vidare meinte Byutviklargruppa ANS at det var gjort sakshandsamingsfeil ved at rivingssøknaden ikkje var lagt fram for dei antikvariske styremaktene til uttale før vedtak vart gjort, jf. t.d. plan- og bygningslova § 95 nr. 2 andre leden og forvaltningslova § 17. Det var også ein sakshandsamingsfeil at eit kommunalt organ tok avgjerd i ei sak der den hadde direkte interesse i utfallet ved å vere eigar av tomta rett over gata. Byutviklargruppa ANS kravde vedtaket om å nekte riving kjent ugyldig.
Foreininga "Briskebyen vel", som i sine føremålsføresegner også hadde eit punkt 8 om "ivaretaking av dei arkitektoniske verdiane i bydelen", reagerte spontant då dei fekk høyre om rivingsplanane. Leiaren av foreininga, Marte Kirkerud, tok straks kontakt med fylkeskonservatoren. Marte sitt initiativ leia til at fylkeskommunen den 27. mars 2000 vedtok mellombels freding av eigedommen med påståande bygning både innvendig og utvendig, med heimel i delegasjonsvedtak av 30. juni 1989 frå Miljøverndepartementet, jf. kulturminnelova § 22 nr. 4, jf. § 15. Byutviklargruppa ANS fekk oversendt vedtaket på telefaks same dagen, og klaga det straks til Miljøverndepartementet.
Holm var svært uroa over all publisiteten saka hadde fått, og frykta at klagesakene ville trekkje i langdrag. Han bestemte seg difor for å få rive bygningen snarast råd. Han inngjekk straks avtale med rivingsentreprenør Peder Ås, og opplyste til han at det låg føre rivingsløyve. Dei vart samde om å rive bygningen allereie i løpet av natta slik at det ikkje skulle bli unødig ståhei og mediedekking rundt rivinga. Kl. 03.00 natt til 28. mars 2000 var rivingsarbeidet komme godt i gang med ei gravemaskin. Det samla seg ein del nyfikne på staden, og etter kvart kom også Marte Kirkerud. Ho opphaldt seg bak gravemaskina ei stund, men sprang brått fram til maskinførar Anette Ås. Ho ropte at ho straks måtte stanse rivingsarbeidet. Då ho berre haldt fram med rivinga, kasta Marte Kirkerud ein stein mot Anette Ås. Steinen gjekk gjennom det opne vindauga på maskina og trefte Anette Ås i andletet, slik at ho fikk ein brest i ei hjørnetann og kløyvd underlippe. Politiet kom til staden og jaga dei frammøtte bort. Deretter haldt rivingsarbeidet fram, og dette vart sluttført ved daggry. Marte Kirkerud vart pågripen av politiet, og transportert til politihuset. I bilen fortalte Marte Kirkerud til ein polititenestemann at ho hadde hatt med seg melis i ein pose for å tømme på dieseltanken til gravemaskina slik at motoren vart øydelagd, men det var så vanskeleg å komme til at ho slo det frå seg.
Fylkesmannen la klagen frå Byutviklargruppa ANS fram for "Briskebyen vel". Foreininga gjorde i si fråsegn gjeldande at klagen måtte avvisast no når bygningen var riven. Til realiteten gjorde den gjeldande at vedtaket til teknisk hovudutval var gyldig. I oversendingsbrevet frå kommunen til fylkesmannen vart det opplyst at ein ikkje var ueinig i det faktum som Byutviklargruppa ANS viste til, men at ein haldt fast ved vedtaket. Kommunen viste i samband med dette til at ingen av dei påståtte feila ved skjønnet eller sakshandsaminga kunne føre til at vedtaket var ugyldig, og at ingen har noko rettskrav på å rive eller byggje utan etter samtykke.
Hendingane rundt rivinga av "Sparekassen" førte til at det vart fremja straffesak. Politimeisteren i Lillevik tok den 10. mai 2000 ut tiltale mot: a) Byutviklargruppa ANS,
b) Lars Holm og c) Peder Ås - alle for brot på kulturminnelova § 27 andre punktum jf. første punktum, jf. § 15, jf. § 22 nr. 4 og plan- og bygningslova § 110 nr. 2, jf. § 93 første leden bokstav d.
Det vart også teke ut tiltale mot d) Marte Kirkerud - for brot på av straffelova § 229 første leden og straffelova § 291, jf. § 49.
Straffesakene vart sameina til felles handsaming i Lillevik byrett. Byutviklargruppa ANS, Lars Holm og Peder Ås hadde felles forsvarar i hovudforhandlinga. Forsvararen kravde saka prinsipalt avvist, subsidiært frifinning. I relasjon til brota på kulturminnelova og plan- og bygningslova gjorde forsvararen gjeldande at føretaksstraff, jf. straffelova § 48 a og § 48 b, i alle fall ikkje kunne brukast sidan Lars Holm hadde handla utan å leggje rivingsspørsmålet fram for dei andre deltakarane i selskapet. For alles vedkommande gjorde forsvararen gjeldande at det var klaga over rivingsnektinga, og at vedtaket i teknisk hovudutval var ugyldig. Fredingsvedtaket var dessutan ikkje endeleg. Elles vart det gjort gjeldande at Peder Ås var i god tru m.o.t. rivingsløyvet. Forsvararen kravde alle tre frifunne.
Forsvararen til Marte Kirkerud kravde saka prinsipalt avvist. Subsidiært kravde han frifinning for forsøk på skadeverk fordi det ikkje fanst lovlege bevis for handlinga. Vedkommande tenestemann som Marte i bilen hadde fortalt om melisen til, var på FN-teneste i Kosovo då hovudforhandlinga fann stad. Aktor dokumenterte difor ein "eigenrapport" frå tenestemannen, der han skildra det Marte hadde sagt. Forsvararen meinte at ein måtte sjå bort frå dette dokumentet som bevis både etter norsk rett og etter folkeretten. Han kravde at Marte i alle fall måte frifinnast for forholdet fordi handlinga ikkje var kommen til forsøksstadiet. Heller ikkje når det gjaldt tiltalen etter straffelova § 229 var vilkåra for straff til stades.
"Briskebyen vel" meinte at Byutviklargruppa ANS ville sleppe altfor lett unna det den hadde gjort. Styret samla inn kr. 50.000.- til vel-kassen, og tok den 20. september 2000 v/ advokaten sin ut stemning mot Byutviklargruppa ANS ved Lillevik heradsrett med påstand om at den i medhald av kulturminnelova § 16 skulle dømmast til å gjenskape ornamenta og måleria som hadde vore i bygningen. Retten sette tilsvarsfristen til 6. oktober 2000. Først den 9. oktober 2000 vart tilsvaret postlagt. Då "Briskebyen vel" fekk høyre at tilsvarsfristen var overskriden, sende dei den 9. oktober 2000 prosesskrift på telefaks til heradsretten der dei kravde avsagt fråværsdom. I tilsvaret gjorde Byutviklargruppa ANS gjeldande at saka måtte avvisast fordi saksøkjaren ikkje hadde partsevne, og at søksmålet for å unngå avvisning i alle fall måtte rettast personleg mot dei tre næringsdrivande som utgjorde Byutviklargruppa ANS, og at det dessutan berre var staten v/departementet som kunne krevje gjenoppretting. Når staten ikkje var gjort til part, måtte søksmålet avvisast.
Drøft og avgjer både dei prinsipale og dei subsidiære
spørsmål som oppgåva reiser.
-------------------------------------------------------------
Bokmål
Bygningen "Sparekassen" hadde helt fra 1782 huset sparebankens filial i bydelen Briskebyen i Lillevik. Helt frem til slutten av 1950-tallet var bygningen godt vedlikeholdt. Den gamle stilen var bra bevart både innvendig og utvendig. I flere av rommene var det vakre vegg- og takmalerier, samt unike ornamenter helt fra tidlig på 1800-tallet. Fra 1990 hadde bygningen stort sett vært benyttet til utleie som selskaps- og møtelokale.
Sparebanken Lillevik ble høsten 1999 samlokalisert med Gjensidige forsikring. Banken solgte derfor eiendommen med den gamle ærverdige en-etasjes bygningen til Byutviklergruppen ANS, Lillevik.
Byutviklergruppen ANS har tre lokale aktører i eiendomsbransjen i Lillevik som deltakere, hvorav entreprenør Lars Holm er daglig leder. Byutviklergruppen ANS var primært interessert i tomta for å kunne føre opp forretningsbebyggelse, og søkte i begynnelsen av februar 2000 Lillevik kommune, plan- og bygningsetaten, om samtykke til riving av bygningen. Bygningen hadde de siste årene gitt minimal avkastning, men tomten uten bygninger ble antatt å være meget attraktiv og verdifull i utbyggingssammenheng. I søknaden viste Byutviklergruppen ANS til at tomten - sammen med de omkringliggende tomtene - var regulert til forretning/kontor, jf. plan- og bygningsloven § 25 nr. 1. De mente at hele strøket nå burde utvikles videre. Det ble videre opplyst at søkeren ønsket å føre opp en døgnåpen storkiosk på tomten. Teknisk hovedutvalg i Lillevik kommune traff den 10. mars 2000 følgende vedtak:
"Søknaden om riving av bygget "Sparekassen" avslås på grunn av de antikvariske verdier som knytter seg til bygget. Byutviklergruppen ANS har for øvrig så langt ikke hatt noen ønskelig forretningsprofil når det gjelder å bevare trivelige og estetiske bymiljøer i Lillevik. En storkiosk, med omfattende åpningstider, vil dessuten være til stor sjenanse for naboene. Tomten bør benyttes til andre formål til beste for byen, og det bør ikke skje noe vesentlig med dette området før kommunen har bestemt hva som skal igangsettes på sin egen tomt som ligger rett over gaten. Det vises til plan- og bygningsloven § 93, jf. § 91."
Allerede mandag den 13. mars 2000 klaget Byutviklergruppen ANS avslaget inn for fylkesmannen. I klagen anførte den at det ikke var materiell hjemmel i plan- og bygningsloven § 93 for å avslå rivingssøknaden. Å ivareta antikvariske verdier hører dessuten under kulturmyndighetene, og ikke under bygningsmyndighetene. Byutviklergruppen ANS anførte videre at bygningsmyndighetene ved behandlingen av rivingssøknaden ikke hadde adgang til å legge vekt på hva som eventuelt senere skulle oppføres på tomten. Det måtte i tilfelle utstå til en eventuell fremtidig byggesøknad. Åpningstider var uansett irrelevant etter bygningslovgivningen, da det reguleres helt ut av åpningstidslovgivningen. Klart utenforliggende måtte det også være å se hen til hvordan Byutviklergruppen ANS tidligere hadde forholdt seg med andre bygg i byen, og å legge vekt på at kommunen kunne tenke seg å benytte den aktuelle tomten til noe annet i fremtiden. Dersom kommunen ville båndlegge tomten til bestemte formål, måtte den benytte hjemmelen i plan- og bygningsloven § 33. Likeledes var det etter klagerens mening usaklig å ta hensyn til kommunale eierinteresser i omkringliggende arealer. Når kommunen etter klagerens mening manglet avslagshjemmel, måtte utbyggeren ha rettskrav på å få rive.
Videre var det i følge Byutviklergruppen ANS begått saksbehandlingsfeil ved at rivingssøknaden ikke var forelagt de antikvariske myndigheter til uttalelse før vedtak ble truffet, jf. f. eks. plan- og bygningsloven § 95 nr. 2 annet ledd og forvaltningsloven § 17. Det var også en saksbehandlingsfeil at et kommunalt organ traff avgjørelse i en sak hvor den hadde direkte interesse i utfallet ved å være eier av tomten rett over gaten. Byutviklergruppen ANS krevet vedtaket om å nekte riving kjent ugyldig.
Foreningen "Briskebyen vel", som i sine formålsbestemmelser også hadde et punkt 8 om "ivaretakelse av de arkitektoniske verdier i bydelen", reagerte spontant da de fikk høre om rivingsplanene. Foreningens leder, Marte Kirkerud, tok omgående kontakt med fylkeskonservatoren. Martes initiativ ledet til at fylkeskommunen den 27. mars 2000 vedtok midlertidig fredning av eiendommen med påstående bygning så vel innvendig som utvendig, i henhold til delegasjonsvedtak av 30. juni 1989 fra Miljøverndepartementet, jf. kulturminneloven § 22 nr. 4, jf. § 15. Byutviklergruppen ANS fikk oversendt vedtaket på telefaks samme dag, og påklaget det omgående til Miljøverndepartementet.
Holm var meget betenkt over all publisiteten saken hadde fått, og fryktet at klagesakene ville trekke i langdrag. Han bestemte seg derfor for å få revet bygningen snarest råd. Han inngikk straks avtale med rivingsentreprenør Peder Ås, og opplyste til ham at rivingstillatelse forelå. De ble enige om å rive bygningen allerede i løpet av natten slik at det ikke skulle bli unødig ståhei og mediadekning rundt rivingen. Kl. 03.00 natt til 28. mars 2000 var rivingsarbeidet kommet godt i gang med en gravemaskin. Det samlet seg en del skuelystne på stedet, og etter hvert ankom også Marte Kirkerud. Hun oppholdt seg bak gravemaskinen en stund, men løp plutselig frem til maskinfører Anette Ås. Hun ropte at hun umiddelbart måtte stanse rivingsarbeidet. Da hun bare fortsatte med rivingen, kastet Marte Kirkerud en stein mot Anette Ås. Steinen gikk gjennom det åpne vinduet på maskinen og traff Anette Ås i ansiktet, slik at hun fikk en brist i en hjørnetann og kløyvd underleppe. Politiet kom til stedet og jaget de fremmøtte bort. Deretter fortsatte rivingsarbeidet, som ble sluttført ved daggry. Marte Kirkerud ble pågrepet av politiet, og transportert til politihuset. I bilen fortalte Marte Kirkerud til en polititjenestemann at hun hadde hatt med seg melis i en pose for å tømme på gravemaskinens dieseltank slik at motoren ble ødelagt. Det var imidlertid så vanskelig å komme til at hun slo det fra seg.
Byutviklergruppen ANS´ klage ble av fylkesmannen forelagt for "Briskebyen vel". Foreningen anførte i sin uttalelse at klagen måtte avvises nå når bygningen var revet. Til realiteten anførte den at teknisk hovedutvalgs vedtak var gyldig. I kommunens oversendelsesbrev til fylkesmannen ble det opplyst at man ikke var uenig i det faktum som ble anført av Byutviklergruppen ANS, men at man fastholdt vedtaket. Det ble i den forbindelse vist til at ingen av de påståtte feil ved skjønnet eller saksbehandlingen kunne lede til ugyldighet, og at ingen har noe rettskrav på å rive eller bygge uten etter samtykke.
Hendelsene rundt rivingen av "Sparekassen" førte til at det ble fremmet straffesak. Politimesteren i Lillevik tok den 10. mai 2000 ut tiltale mot: a) Byutviklergruppen ANS,
b) Lars Holm og c) Peder Ås - alle for overtredelse av kulturminneloven § 27 annet punktum jf. første punktum, jf. § 15, jf. § 22 nr. 4 og plan- og bygningsloven § 110 nr. 2, jf. § 93 første ledd bokstav d.
Det ble også tatt ut tiltale mot d) Marte Kirkerud - for overtredelse av straffeloven § 229 første ledd og straffeloven § 291, jf. § 49.
Straffesakene ble forenet til felles behandling i Lillevik byrett. Byutviklergruppen ANS, Lars Holm og Peder Ås hadde felles forsvarer i hovedforhandlingen. Forsvareren krevet saken prinsipalt avvist, subsidiært frifinnelse. I relasjon til overtredelsene av kulturminneloven og plan- og bygningsloven anførte forsvareren at foretaksstraff, jf. Straffeloven § 48 a og § 48 b, uansett ikke kunne anvendes da Lars Holm hadde handlet uten å forelegge rivingsspørsmålet for de andre deltakerne i selskapet. For samtliges vedkommende anførte forsvareren at rivingsnektelsen var påklaget, og at vedtaket i teknisk hovedutvalg var ugyldig. Fredningsvedtaket var dessuten ikke endelig. For øvrig ble det anført at Peder Ås var i god tro m.h.t. rivingstillatelsen. Forsvareren krevet alle tre frifunnet.
Marte Kirkeruds forsvarer krevet saken prinsipalt avvist. Subsidiært krevet han frifinnelse for forsøk på skadeverk fordi det ikke fantes lovlige bevis for handlingen. Vedkommende tjenestemann som Marte i bilen hadde betrodd seg til om melisen, var på FN-tjeneste i Kosovo da hovedforhandlingen fant sted. Aktor dokumenterte derfor en "egenrapport" fra tjenestemannen, hvor han beskrev det Marte hadde sagt. Forsvareren mente at dette dokumentet måtte ses bort fra som bevis både etter norsk rett og etter folkeretten. Han krevde Marte uansett frifunnet for forholdet fordi handlingen ikke var kommet til forsøksstadiet. Heller ikke når det gjaldt tiltalen etter straffeloven § 229 var vilkårene for straff til stede.
"Briskebyen vel" mente at Byutviklergruppen ANS ville slippe altfor lett unna det den hadde gjort. Styret samlet inn kr. 50.000.- til vel-kassen, og tok den 20. september 2000 v/ sin advokat ut stevning mot Byutviklergruppen ANS ved Lillevik herredsrett med påstand om at den i medhold av kulturminneloven § 16 skulle dømmes til å gjenskape ornamentene og maleriene som hadde vært i bygningen. Retten satte tilsvarsfristen til 6. oktober 2000. Først den 9. oktober 2000 ble tilsvaret postlagt. Da "Briskebyen vel" fikk høre at tilsvarsfristen var oversittet, sendte de den 9. oktober 2000 prosesskrift på telefaks til herredsretten hvor de krevet avsagt uteblivelsesdom. I tilsvaret anførte Byutviklergruppen ANS at saken måtte avvises fordi saksøker ikke hadde partsevne, og at søksmålet for å unngå avvisning uansett måtte rettes personlig mot de tre næringsdrivende som utgjorde Byutviklergruppen ANS, og at det dessuten bare var staten v/departementet som kunne kreve gjenoppretting. Når staten ikke var gjort til part, måtte søksmålet avvises.
Drøft og avgjør så vel de prinsipale som
de subsidiære spørsmål oppgaven reiser.
Sist oppdatert 08. april 2002 av TEG Kommentarer til denne siden. |